Besøk av Marit
Administrerande direktør Marit Jacobsen takka ja til invitasjonen om å delta på fylkesårsmøtet i Sogndal. Og det sette alle pris på!
Forutan å informere om ulikt i organisasjonen, oppmoda ho årsmøtelyden om å setje fokus på tilskota til frivillige organisasjonar, og særleg dei innanfor kulturlivet.
Direktøren tok til orde for at det ikkje er samsvar mellom regjeringa si satsing og kulturløftet. Kort og godt: Politikken kontra det som blir tildelt heng ikkje i hop, meinte ho.
Leiaren kom med framlegg om å lage ei fråsegn til fylkeskulturpolitikarane, og bad redaksjonsnemnda utarbeide eit framlegg.
Marit sa seg villig til å være med på dette.
Forsamlinga støtta framlegget, og fråsegna, som vart samrøystes vedteken, kan du lese i eiga sak.
Direktøren gav innleiingsvis ein fyldig presentasjon av seg sjølv, kven ho er, familiestaus, utdanning, arbeidserfaringar.
Vidare tok ho føre seg følgjande:
- om den økonomiske stoda som hadde vore
- om kva som var blitt gjort; avvikling av forlaget, permitteringar
- om ekstra millionar; + 1 mill. i 2009, + 2 mill. i 2010
- om godt boksal; overskot
- om omsetning; 23 mill. i omsetning. Må ha vekst på 600 000 pr. år
- om medlemstalet; vel 23 000 medlemmer i dag; 1699 barn-e og ungdomsmedlemmer pr. 31.12.09
- om fast tilsett barne- og ungdomskonsulent
- om Frifond midlar
- om vaksenopplæring; Folkekulturforbundet gir hjelp til studieplanlegging
- om at det er nok med 2 medlemmer i ein studiering
- om kursaktivitet; Holmen Gard – start i oktober. Folkekulturforbundet (sjå heimesida)
- om bunadsopplæringa; modulopplæring, praksis til fagbrev
- om vevopplæringa; modulopplæring, praksis til fagbrev
- om utfordringa å skaffe lærarar til kurs
- om Nordisk Husflidsleir; Vestfold Husflidslag er arrangør
- om Landsmøtet/jubileet; 60% av aktiviteten skal skje ute i distrikta. Næringsseminar. Operaen. Grand Hotel
- om Nordisk konferanse; tilpassa barn og unge. ”Framtida er handlaga”
- om Norsk Husflid; jubileumsblad
- om Nordisk Treseminar; kvart år på Dovre. Fullteikna for 2010
- om viktigheita av godt samspel mellom fylkeslaga og sentralorganisasjonen
- om kurs lokallaga; oppmoda om å leggje info på heimesida/sende informasjon til andre lokallag
- om kurslærarkurs; Folkekulturforbundet
Vi takkar Marit for besøket – veldig kjekt at ho prioriterte Sogn og Fjordane i år!