Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Bli med - vinn premie!

Vervekampanje

Sogn og Fjordane Husflidslag inviterer lokallagsmedlemmene til å vere med i ei vervekampanje.Den "flinkaste i klassen" vil få ei lita premie. I tillegg ei premie til den deltakaren som vert uttrekt av alle som er med!

Kampanjen startar omgåande – og vert avslutta 1. juni 2012.

Fylkesstyret oppmodar lokallaga om å setje søkelyset på å få nye medlemmer til laget sitt - og gjere ein innsats for at fleire vert med i husflidsrørsla!

Alle lag treng rekruttering for å kunne halde fram ein stabil og god aktivitet for alle

… og dei gode husflidstradisjonane må førast vidare. Og det klarar vi ikkje utan å bli fleire og gode ambassadørar, heiter det i oppmodinga frå fylkesstyret.