Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Flott 40-års markering

Flott 40-års markering

Flott 40-års markering

Rundt 50 personar var med og feira Sogn og Fjordane Husflidslag (SFH) sine 40 år – i Firdasalen på Quality Hotel Førde. Fine programinnslag og gåvedryss i lag med ei utstilling, som viste jubilanten sine år i produkt, ord og bilete, skapte fin stemning og gledde årsmøtedeltakarar og gjester som deltok.

 

Markeringa fann stad under fylkesårsmøtet til laget – der utsendingar frå nesten alle dei 17 lokallaga deltok. Også styret i Husfliden Bergen AS, som SFH eig i lag med Hordaland Husflidslag, og representantar frå sistnemnde var med for å feire jubilanten.

 

Best for husflidssaka

Fram til utgangen av 1969 høyrde husflidsarbeidet i Sogn og Fjordane til Vestlandske Husflidslag. Etter nokre års førebuing, vart det 12. desember 1969 vedteke å skipe eit eige fylkeshusflidslag. Bakgrunnen var at distriktet til Vestlandske Husflidslag var i største laget å administrere, og ei deling ville tene husflidsrørsla.

Første leiaren i laget var fylkeslandbrukssjef Olav Bakke frå Førde. Med seg i styret hadde han Aadel Hellesen, Florø, Egil Sunde, Vik, Ragnhild Asheim Takle, Brekke, Geir Vinsrygg, Stryn og Gudveig Roska, Førde.

I følgje historia vart det i første arbeidsåret lagt stor vekt på å byggje ut organisert kontakt i dei ulike delane av fylket. Fylkeslaget hadde 2 lokallag med 170 medlemmer og 9 støttelag med i alt 250 medlemmer.

 

Stabil 40-åring

Jubileumsutstillinga, som fylkesstyret og husflidskonsulenten - med god hjelp frå nokre lokallag, hadde fått i stand, vart presentert i 4 tiårs-bolkar - med tema for kvar bolk, I tillegg historia; namna på dei tillitsvalde, prosjekt, mønstringar, kurs og husflidskonsulentar fram til i dag.

Utstillinga viste ein stabil 40-åring, som i dag tek hand om rundt 800 medlemmer, herav vel 180 barnemedlemmer. Vervinga av barne-/ungdomsmedlemmer på landsbasis har gjort jubilanten til sølvvinnar to år på rad i medlemsvervinga til Norges Husflidslag. Dette takka være ivrige og iherdige lokallag i ”Ung Husflid” arbeidet.

 

Interessant programmeny

Under festen, som vart leia av leiaren i jubileumsåret, Dagrun Johanne Hesjevoll, vart det bore fram helsingar og gåver. Ordføraren i Førde, Nils Gjerland, overrekte pengegåve frå kommunen. Agna Øvrebø hylla jubilanten med ein strålande prolog, born frå Førde, under leiing av Kurt Erland, underheldt med flott pianospel og Petter Eide helsa 40-åringen med glade tonar frå fela si. Vidare bar husflidskonsulenten, Synøve Eriksen Vadøy, fram gode ord og gratulasjonar, og tidlegare og mangeårig leiar av fylkeslaget, Inger Øyre, fortalde om hendingar frå si fartstid i laget. I tillegg var det allsongar og overrekking av blomar til tidlegare leiarar – som takk for arbeidet dei har lagt ned i organisasjonen.

 

 

Bilete