Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Førjulskos i oktober

Førjulskos i oktober

Innhaldet for årets medarbeidarsamling på Quality Hotel Florø 1. - 3. oktober er i boks: Organisasjonskurs, fletta band og juleverkstad er tema å velje mellom. I tillegg vert det utstilling med gamle og nye juleting, så stemning av jul kan opplevast allereie i oktober.

Utflukt og kulturelle innslag er også med i programmet for samlinga, som born over 12 år i lag med foreldre eller andre ansvarlege kan vere med på. Juleverkstaden er tenkt som eit godt alternativ for born og unge i lag med vaksne.

Innbyding er sendt lokallaga!

Kursinnhald:

Organisasjonskurs for tillitsvalde - Lærar: Synøve Eriksen Vadøy

  • Organisasjonens oppbygging og virkemåte
  • Drift av lokallaget:

- Rekruttering til verv

- Ansvarsfordeling i styret

- Økonomi

- Planlegging

- Informasjon og kommunikasjon

- Saksgangen i organisasjonen

- Samarbeidspartnarar

Fingring av band - Lærar: Norunn Befring Hjellbrekke

Fletta band er ein av dei eldste tekstilteknikkane vi kjenner og teknikken er i røynda eldre enn tekstilane. Same teknikken blir nytta f. eks. til å flette halm, palmeblad o.l. Sjølve teknikken kan vere over 10 000 år gammal og har vore kjend over heile verda-

I Norge har teknikken vore kjend under mange navn: Smettaband, slengd band, flammaband, fingraband, pøsaband, dregleband, hentaband, hoseband. Fletteteknikken gjer at banda blir ekstra elastiske og godt eigna til sokkeband.

Bortsett frå noko å feste bandet medan ein «fingrar», treng ein ikkje anna utstyr enn tråd og fingrane.

Ung Husflid - Juleverkstad - Lærarar: Marit Andersen og Ragnhild Hukset

O, jul med din glede og alle hjarte gler seg…

Englar som dalar og nissar på låve…

Stjerneglans og kanskje lys og ein liten krans…

Her får du tips og idear til årets julemøte for både vaksne og born.

Det blir enkle modellar, nye og gamle som stort sett

krev rimelege materialar og enkelt utstyr.