Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Fråsegn

Fråsegn

Fråsegn

Årsmøtet 2010 samla seg om følgjande fråsegn, som er sendt kulturpolitikarane og alle avisene i fylket vårt:

VIL AT FYLKESPOLITIKARANE SKAL FÅ KALDE FØTTER!

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Husflidslag er særs uroa for økonomien i dei frivillige organisasjonane, særleg innafor kulturlivet. Sogn og Fjordane Husflidslag hadde tenkt å sende varme, heimestrikka tøflar til alle fylkeskulturpolitikarane i samband med at Norges Husflidslag feirar 100-års jubileum i år. Dette vil vi no vente med til vi har sett tildelinga av kulturmidlar for 2010.

Det er ikkje samsvar mellom regjeringa si satsing på frivillige organisasjonar og kulturløftet, og fylket sine prioriteringar i langtidsbudsjettet.

På fylkeskulturkonferansen i vinter kom det fram at støtta til organisasjonane vil bli kraftig redusert dei neste åra og at vi må gjere verksemda vår meir prosjektbasert for å få støtte.

Dette vil skape meir byråkrati med ekstra papirarbeid og ikkje minst tvinge organisasjonane til å gjere som det offentlege vil, ikkje jobbe som sjølvstendige frivillige organisasjonar ut frå demokratisk vedtekne mål og planer.

Sogn og Fjordane Husflidslag er særleg uroa for arbeidet med handverk for barn og unge og vidareføring av levande tradisjonar i fylket. Husflidslaga og husflidskonsulenten i fylket er snart dei einaste som sit med denne kunnskapen når det ikkje lenger er satsing på desse faga, som før var obligatoriske, i skulen.

Norges Husflidslag arbeider både med opplæring, formidling og næring innafor handverk og husflid. I tillegg er lokallaga viktige sosiale arenaer og møteplassar for barn, unge og vaksne.

Norge har skrive under UNESCO konvensjonen om den immaterielle kulturarven. Har ikkje dette nokon betyding for kulturpolitikken i vårt fylke?

2009 var kulturminneår, 2011 er frivilligheitsår. Det gjer det naturleg med ei satsing på, ikkje ei nedbygging av støtta til oss som driv slikt arbeid!

Sogndal 7. mars 2010

Årsmøtet 2010 Sogn og Fjordane Husflidslag