Fylkeslotteri for Landsmøtet
Sogn og Fjordane Husflidslag har starta lotteri i samband med arrangøroppgåva for Landsmøte i 2012 - og midlane skal gå til førebuingsarbeidet for arrangementet.
Lotteriet byr på mange flotte husflidsgevinstar; lappeteppe, tova tøflar (til 3 pers.), neverkorg, veske, løpar i hardangersaum, bøker, med meir.
Lokallag og fylkesstyret sel lodda, og trekninga er sett til 10. desember.
Ønskjer du å kjøpe lodd – og bli med i tevlinga om premie – så kontakt lokallaget ditt eller medlemmer av fylkesstyret.
Pris pr. lodd kr. 20,-.