Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Kvardagsglede - Produktkonkurranse 2009

Kvardagsglede - Produktkonkurranse 2009

Sogn og Fjordane Husflidslag inviterer medlemmer til ein konkurranse der tema er produkt berekna på kvardagsbruk, under tittelen ”Kvardagsglede”. Konkurransen rettar seg mot lokallagsmedlemmer og handverkarar, som jobbar med redesign/gjenbruk og forankring i dei lokale tradisjonane våre. Det er ikkje noko avgrensing i kva type materiale du kan bruke.

 

Med konkurransen ønskjer Sogn og Fjordane Husflidslag å inspirere og stimulere til:

 

  • nyskaping

  • redesign

  • synleggjering

  • glede

 

 

KONKURRANSEINFORMASJON:

 

PÅMELDING OG INNLEVERING AV PRODUKT:

Produktet ditt skal ikkje ha vore med i større utstillingar tidlegare, eller for sal på husflidsmesser eller i butikk. Det er høve til å sende inn maks 3 produkt.

 

  • Bindande påmelding innan: 15. juni 2009

  • Innsendingsfrist for produkta: 1. september 2009

  • Produktark skal vedleggast merka: ”Kvardagsglede”

  • Produkta vil bli returnert innan: 1. oktober 2009

 

 

JURYERING:

Sekretæren merker dei innsende produkta med kodenr. før juryen skal vurdere produkta. Dette for optimal objektiv vurdering.

 

JURYEN:

Ein representant frå Sogn og Fjordane Husflidslag, ein frå Husflidhandverkarlaget i Sogn og Fjordane - og husflidskonsulenten.

 

PREMIERING OG SYNLEGGJERING:

Vinnaren mottek kr. 2 000 - og vil få produktet omtala i medlemsbladet og på nettsidene til SFH.

2. og 3. premie: Bokpakker til ein verdi av kr. 900,-.

 

ADRESSE:

Produkt/produkta sendast til: Sogn og Fjordane Husflidslag, v/Dagrun Ylvisåker Igelkjøn, 6968 Flekke.