Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Landsmøte 2012 - ei spennande utfordring

Landsmøte 2012 - ei spennande utfordring

Då er det klart: Sogn og Fjordane Husflidslag har fått tildelt æra av å vere vertskap for neste Landsmøte – om 2 år i Førde.

Det vil då vere 26 år sidan sist - og vi gler oss til utfordringane i eit godt stemne med gode og minnerike opplevingar.

Eit samla fylkesstyre var ikkje i tvil; søknad om å få vere vertskap for Landsmøte i 2012 måtte sendast.

Og svaret vart som vi håpa – neste Landsmøtet får signaturen vår!

Vi veit det vil bli arbeidskrevjande, men samtidig svært lærerikt. Men vi veit også at det vil styrke samarbeidet mellom lokallag, fylkeslag, handverkarar, Fylkeskommunen, reiselivsbransjen, husflidskonsulenten og NH sentralt.

Saman med husflidskonsulenten vil vi vise vegen til eineståande opplevingar og spennande reisemål. Deltakarane vil få oppleve eit vestlandsfylke med spektakulær natur og store kontrastar: lys, vér, fjell, brear, djupe fjordar, hav, øyar, og grøne enger.

Så ver velkommen til Førde og Rica Sunnfjord Hotel og SPA rica.sunnfjord.hotel@rica.no 6. – 10. juni 2012!