Mana til vedtaksoppfølging
Husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy gjorde som vanleg ein god jobb under fylkeårsmøtet. I tillegg til å gi ein fyldig presentasjon av Ung Husflid, sette ho søkelyset på viktigheita av å følgje opp årsmøtevedtak ein går inn for – som blant anna deltaking på planlagde arrangement i fylkeslaget sin regi.
Det var i samband med gjennomgang av arbeidsplanen for 2010 og punktet medarbeidarsamling til hausten, som styret hadde framlegg om, at husflidskonsulenten nytta sjansen til å forklare kva som eigentleg ligg i vedtak ein går inn for.
”Alle de i lokallaga - som no har gått inn for vedtaket som er gjort - har ein jobb å gjere vidare. Eg vil sjå at kvart lokallag representerer med minst 1 deltakar – men helst 2 eller fleire – på medarbeidarsamlinga i Lærdal til hausten. For det de har gått inn for her, må kvar og ein stå inne med", sa konsulenten og føreslo samstundes å fastsetje tidspunkt for samlinga.
… og datoen vart sett: Medarbeidarsamlinga vil gå av stabelen 1. - 3. oktober.
Søndag morgon viste Husflidskonsulenten PowerPoint om Ung Husflid – der ho informerte om følgjande:
· om underskrift frå foreldre
· om medlemspris; kr. 100,-
· om Frifond midlar; må vere minst 5 medlemmer – 5% til adm. utgifter hos NH sentralt
· om politiattest
· om Ung Husflid på husflid.no
· om diplom
· om Boka ”Tråd”; Kabylsk vev vert tilrådd
· om ”Barn gleder barn”; 100 tepper – 100 år
· om 7 400 lappar til 32 skular og husflidslag
· om inspirasjonskurs for rettleiarar i 2010; konsulenten kan halde kurs
· om Ung Husflid i 100
På spørsmål om å aktivisere 14-åringar, sa Synøve at det må ikkje vere snakk om å leggje opp til aktivitetar kvar veke, heller ikkje kvar månad. 3-4 samlingar pr. semester (vår og haust) kan vere nok, meinte ho.
Det mest nødvendige vil vere at borna får gjere ferdig det dei har laga – og får ta det med heim. Dei får vise kva dei meistrar – og det er ei oppleving for dei!
Husflidskonsulenten informerte også om ei prosjektgruppe som er på trappene, og som skal tilretteleggje arbeidet spesielt for ungdom i Ung Husflid. Her vil vi gjerne ha med ungdom frå Sogn og Fjordane, som kan gå i bresjen for å utarbeide gode opplegg til denne aldersgruppa, sa konsulenten.
Synøve la avslutningsvis fram årsmeldinga si for 2009.
For 2010 har ho 3 veker å bruke til Ung Husflid i lokallaga og 4 veker til 100-års jubileet, fortalde ho og avslutta med oppmodinga: Bruk meg!!