Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Marit tok dobbel pris

Marit tok dobbel pris

Marit tok dobbel pris

Marit Andersen frå Førde og Midtre Sunnfjord Husflidslag tok både 1. og 2. premie i produktkonkurransen ”Kvardagsglede”, som fylkeslaget arrangerte i samband med laget sine 40 år i 2009.

Tema for konkurransen var gjenbruk/redesign, og 12 produkt var innleverte då fristen gjekk ut.

Særs gledeleg var det at fleire unge deltakarar melde seg. Løysingane deira var kreative, og fylkeslaget er spente på å sjå meir til desse ved seinare høve!

Juryen, som bestod av Marianne Nesse, Synøve Eriksen Vadøy og Åshild Dombestein, var samde om å følgje kriteria i utlysingsteksten nøye, og derfor vart berre ni av produkta juryerte.

Vinnarane:

  1. premie – kr. 2000
    Produkt: Stor skulderveske i gummi
    Marit Andersen, Førde
  2. Premie – fagbøker for kr. 900,-
    Produkt: Lita skulderveske i gummi
    Marit Andersen, Førde
  3. Premie – fagbøker for kr. 900,-
    Produkt: Lauslomme i dongeri og sprang
    Bodil Johnson, Nordfjordeid
         

Marit Andersen - 1. premie

 

Marit Andersen - 2. premie

 

Bodil Johnson - 3. premie

Marit Andersen - 1. premie
 
Marit Andersen - 2. premie
 
Bodil Johnson - 3. premie