Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Til glede for 100-årsjubilanten …

Til glede for 100-årsjubilanten …

Fylkeslaget har konkrete planar og oppmodar lokallaga til å vere med på markeringa av NH sine 100 år med aktivitetar i sine lag/nærområde og med tiltak som kjem frå NH og SFH. Og gjerne med eigne idear og aktivitetar. Husfliden må gjerne vere synleg i heile jubileumsåret!

I eige fylke har fylkestyret planar om å lage eit produkt til utsmykking av ein institusjon/offentleg bygg.
I tillegg har fylkeslaget teke til seg idèen ”Born gleder born”, som er ein utmerka idè til å bruke i dei eksisterande Ung Husflid gruppene. Og ønskjemålet er å lage små hjarte som skal monterast til eit ”kunstverk”, som ein vil gje til Barneavdelinga på Sentralsjukehuset i Førde.
Og dersom det vert nok hjarte får òg andre sjukehus eit kunstverk.
I samarbeid med Hordaland Husflidslag og konsulentane Synøve Vadøy/Janniche Ryssdalsnes og Husfliden Bergen, er det lagt planar om aktivitetar som skal skje i og rundt butikken vår; Husfliden Bergen.
Dette skal skje 27. - 29. mai - og følgjande vert jobba med:

Torsdag 27. mai, kl. 1200 - 1800 - Tema: Strikking

  • Teknikkar vert lært bort - og ein viser produkt
  • Materialpakker er under arbeid
  • Kl. 1730: Mannekengoppvisning ute

Fredag 28. mai, kl. 1100 - 1630 – Tema: Born og unge

  • Aktivitetar; hoppetau, reperbane, slyngestokkar og seljefløyte

Laurdag 29. mai, kl. 1000 - 1500 – Tema: Bunad

  • Visning av brudebunader frå Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Demonstrasjonar av teknikkar; fingring av sokkeband, fotvev (roggeband), flosskant til luer for gute- og herrebunaden, grindvevband, skauting

Heile 2010: ”Jubileumsprodukt”

Ein produsent/handverkar frå kvart fylke får stille ut sine produkt i Husfliden Bergen i ein månad.