Om Haukeli Husflidslag
Oppstarten av Haukeli Husflidslag går gjennom Haukeliutstillinga. Vil du vera med å laga utstilling i Haukeliområdet til sommaren, møt opp på Samfunnshuset på Edland mandag 9. januar kl. 19.00 var bodskapen, me skriv året 1989. Ni personar møtte opp, nokre er med framleis, og arbeidet var i gang. Etter nokre år så fann me ut at me måtte ha eit lag som var i drift heile året, og på årsmøtet den 14.02.1995 vart Haukeli Husflidslag skipa, og det gamle styret vart sitjande og har seinare hatt ansvaret for både drift av laget og utstillinga.
Aktivitetar:
Drift av Husflidshuset Haukeli som er ope kvar laurdag mellom 11.00 - 15.00
Haukeliutstillinga vert skipa til kvar sumar i festsalen, Edland samfunnshus
Adressa til laget er:
Haukeli Husflidslag
v/ Randi Flothyl
3895 Edland