Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Telemark Husflidslag / Lokallagene / Rauland Husflidslag

Rauland Husflidslag

Rauland Husflidslag starta opp august 2009.

Rauland Husflidslag har samarbeid med Raulandsakademiet og arrangerar kvart år omlag 50 kurs innan husflid og handverk.

Målet er å organisere aktiviteter og tiltak som genererer husflidsfaglig interesse og kunnskap, produksjon og omsetning.

I tillegg til kursa på Raulandsakademiet arrangerar vi medlemsmøte, kveldskurs og aktivitetskveldar, ofte i samarbeid med andre lag og organisasjonar.

Nyhetsarkiv

Informasjonsbrev desember 2011

Last ned informasjonsbrevet frå Rauland Husflidslag her:

husflidsmøte

Velkommen til ein aktiv husflidshaust!

Vi startar hausten med vevmøte på Dyre Vaa huset 11. oktober kl 19

Som nokre av dykk veit er det på Rauland er det eit stort lokale fullt av vevstolar. Heilt sidan midten av 80 talet har nokre ivrige vevkjerringar hatt vevstoge på Dyre Vaa huset. Men det er plass til fleire. Rauland Husflidslag inviterar alle som er interessert i veving til møte på Dyre Vaa samlingane tysdag 11 oktober kl 19. Her vil du få omvisning og informasjon om kva slag moglegheiter det er på vevstoga. Her er det ope for dei som kan veva frå før og dei som vil lære. Vi kjem til å arranger kurs. Har du ikkje lyst til å veva, men likar anna handarbeid? Vi vil gjerne koma i kontakt med alle som er interessert i handarbeid.

Ta med deg naboen og kom!

Ta med strikketøyet eller anna handarbeid eller berre deg sjølv. ! Det blir servering og utlodning. Velkommen til møte tysdag!

  • Obs. Det blir arrangert eit nytt pølsekurs med Bodil Nordjore 13. -16. oktober på Raulandsakademiet
  • Bakekurset til Øystein Løvlie er flutt til same helga, 13. – 16 oktober.

Sjå meir informasjon om kursa på www.raulandsakademiet.no

  • Eg minner om 10% avslag i kursprisen for medlemmer i Rauland husflidslag. Mange kurs er proppfulle, men på andre kurs er det ledige plassar. Ta ein telefon til oss og sjekk om det er ledig på det kurset du er interessert i.
  • I haust blir det arranger 15 helgekurs. Tlf 35073292. www.raulandsakademiet.no klikk deg vidare til kurskatalog.

Restplassar, halv pris på 5 kurs i veke 30

”Siste minutt” tilbod. Halv pris på 5 kurs.

Vi er midt i sommarkurssesongen og mange glade kursdeltakarar har vi hatt. I veke 30 er det nokre ledige plassar som vi nå tilbyr til halv pris. Fyrstemann til mølla får plass.

Maskinstrikking grunnkurs 25.7 – 31.7 Lærar Marit Buset

Skrivekurs 28.7 – 31. 7 Lærar Kjersti Wold

Strengarbeid eller taterkunst 28.7 – 31. 7 Lærar Glenn Frode Pedersen

Data, lag dine eigne Websider, 28.7 – 31.7 Lærar Espen Høegh- Larsen.

Sølvsmykke med trådkunstteknikk 28.7 – 31.7 Lærar Hanne Nenah Thorsdalen Styhr

Du finn fleire opplysningar om kursa i kurskatalogen eller på vår heimeside www.raulandsakademiet.no eller ring meg og spør tlf 35073292.

Beste helsing Ann Mari Jore