Åseral Husflidslag
Åseral Husflidslag vart stifta i november 1989.
Me held til i Fleirbrukshuset i Kyrkjebygd og har aktivitetar kvar torsdag frå september og ut november, og frå januar og ut april. Nokre av torsdagane har me aktivitetar for born.
Medlemstalet har auka dei siste åra.
Ynskjer du kontakt med nokon i styret? Sjå KONTAKT i venstre kolonne.
Aktivitetsplan resten av våren:
Torsdag 15.mars er det temakveld med hakking og pjoning.
Torsdag 29.mars er det påskeverkstad.
Aktivitetar for born er 8.mars og 22.mars frå kl 17-18
Resten av torsdagskveldane ut april har me samlingar der me sit med forskjellig håndarbeid, frå kl 18.