Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Kurs/opplæring / Nyheter / Nytt fra Folkekulturforbundet

Nytt fra Folkekulturforbundet

Nytt fra Folkekulturforbundet

Har du lest det siste nyhetsbrevet frå Folkekulturforbundet? Her finn du mellom anna nyttig informasjon for kursarrangørar. Heile nyhetsbrevet kan du lese her.

Nyhetsbrev fra FOLK

Desember 2009

Komiteinnstillinga endrar ikkje statsbudsjettet for studieforbunda

Lobbyverksemda som har vore i gang for å få til eit betre statsbudsjett for studieforbunda har ikkje gitt resultat denne gongen. KUF-komiteen har slutta seg til regjeringa sitt forslag til budsjett på dette punktet. Framskrittspartiet og høyre går inn for å redusere posten.

På den positive sida er det at komiteen har med ein merknad om at det er viktig at departementet samarbeidar med studieforbunda om utforming av dei nye forskriftene. På Vofo si nettside finn du heile innstillinga frå KUF-komiteen.

 

Forskriftene kjem om nokre dagar

Departementet legg i desse dagar siste hand på forskriftene til ny lov om vaksenopplæring. Dei vil bli lagt fram mellom 10. og 14. desember. Vi vil sende ut eige brev om forskriftene når dei ligg føre.

Husk ferdigrapportering av kurs

Det nærmar seg nytt år og frist for å rapportere kurs. Siste frist for rapportering er 15. januar, men send gjerne inn ferdigrapport så fort kurset er ferdig. Om dykk har sendt inn søknad om kurstønad til kurs som av ymse årsaker ikkje har kome i gang, så gi oss melding om dette så vi kan få sletta dei.

Finn skjema på nettsida

På nettsida til folkekulturforbundet legg vi ut mange typer skjema som kursarrangørar kan ha bruk for. Søknadskjema for å søke om voksenopplæringsstønad ligg der, for den som ikkje ønskjer å sende søknad digitalt. Skjema for avtale med lærar er nyleg revidert og finnast på sidene. Du finn også evalueringsskjema, kursbevis og mal for studieplan. Det kan vere lurt å gjøre avtale med dei som melder seg på kurs, eit slikt skjema finn du også. For kasserar og studieleiar i laget har vi og laga eit exelark som kan brukast for å lage eit budsjett og rekne ut kva deltakaravgifta må vere. Alle desse finn du her.

På nettstaden finn du også sider som omhandler arbeidet i lokallag generelt. Vi tek gjerne i mot tips om meir stoff som bør vere på desse sidene.