Vevopplæringa
| Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja er delt inn i 6 modular vev + 3 modular med plantefarging og spinning,snorer og band. Dette vil til saman gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Vevopplæringa er eit tilbod til dei som ynskjer å lære meir om faget, anten som grunnlag for hobby eller næring. | Last ned brosjyre (pdf) |
| Kursrekkja Kursrekkja er ope for alle som ynskjer å lære meir om handvevarfaget, men det er ein fordel med grunnleggjande datakunnskap. Det er mogleg å ta heile kursrekkja eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje som i utgangspunktet bør følgjast. Det vil vera mogleg å ikkje følgje den anbefalte rekkjefølgja, men dess lenger ut i modulrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevja. Den fyrste modulen blei gjennomført hausten 2009, og den siste blir gjennomført i 2012. Heile løpet vil altså fordele seg over ei tidsperiode på tre år, og det vil bli arrangert vekessamlingar med to samlingar i året. Kompetanse Vevopplæringa byggjer på lærarplanverket som gjeld for handverk og design i den vidaregåande skule. Denne kursrekkja vil inngå som eit grunnlag for å gå opp som privatist i handvevarfaget, og kan vera ein del av eit løp til svennebrevet. Kursrekkja vil vera ope for alle som ynskjer å lære meir, og det er inga opptakskrav for å delta på kursrekkja. Ved å fullføre heile kursrekkja vil du få teoretisk og praktisk innføring i alle kompetansemåla i lærarplanen for handvevarfaget vg 3. Dersom du ønskjer å gå opp til svenneprøve i handvevarfaget, finst det særskilte reglar for å gå opp som praksiskandidat. Du må sjølv ta kontakt med fagopplæringskontoret i fylket ditt dersom du er interessert i dette, og kvar person får individuell vurdering. Gjennom kursa får ein ei innføring i:
|