Strikkedilla
Strikk i interiøret er ein av årets trendar og mange ønskjer å strikka seg noko nytt til heimen. Det har dei merka på Husfliden i Bergen. – Me føl med på kva som er i tida, og såg at det var ein del strikk i interiøret på veg, fortel Irene Tørhaug, dagleg leiar ved Husfliden i Bergen.