Litt om fylkeslaget

Sogn og Fjordane Husflidslag har kontor på Igelkjøn i Flekke, Sunnfjord.

Sekretæren vår er tilsett i 50% stilling. Kontordagar er som regel måndag og torsdag.

Dersom du vil på besøk, er det fint om du tek kontakt på førehand.

Tlf. 57 73 55 00.

Kontoret vårt har dei hjelpemidlar som trengst - med relativt nytt datautstyr.

Laget har fleire lysbileteseriar til utlån, blant anna "Dekor på tre og klær", "Broderi på kle", "Puter til pryd og nytte" og "Flid og flørt".

I tillegg har vi tre flotte utstillingskassar som viser knivproduksjon.

Aktiviteter

Laget har sine faste årlege aktivitetar; årsmøte, rundt 6 styremøte, medarbeidarsamling og regionale samlingar. Dei siste åra har følgjande stått i fokus:

1. Åkleregistrering

2. Mønsterhefte

3. Praktbok om åkle frå Sogn og Fjordane

4. Den kulturelle skulesekken

5. Regionale nettverksgrupper

6. Born og unge

Historia

Fram til utgangen av 1969 høyrde husflidsarbeidet i Sogn og Fjordane til Vestlandske Husflidslag. Etter nokre års førebuing, vart det 12. desember 1969 vedteke å skipe eit eige fylkeshusflidslag. Bakgrunnen var at distriktet til Vestlandske Husflidslag var i største laget å administrere, og ei deling ville tene husflidsrørsla.

Første leiaren i laget var fylkeslandbrukssjef Olav Bakke frå Førde. Med seg i styret hadde han Aadel Hellesen, Florø, Egil Sunde, Vik, Ragnhild Asheim Takle, Brekke, Geir Vinsrygg, Stryn og Gudveig Roska, Førde.

I følgje historia vart det i første arbeidsåret lagt stor vekt på å byggje ut organisert kontakt i dei ulike delane av fylket. Fylkeslaget hadde 2 lokallag med 170 medlemmer og 9 støttelag med i alt 250 medlemmer.

I 2009 fylte laget 40 år, og det vart gjort stas på jubilanten med ei illustrert soge som omfatta aktivitetar for kvar 10-års bolk og styremedlemmer og husflidskonsulentar som hadde ”tent” 40-åringen på ymse vis. Og det vitna om ein sterk jubilant, som kunne kvittere med sølvplass i medlemsvervinga av born og unge i 2009.

Nytt frå Fylkeslaget

FYLKESLOTTERIET 2011

Me takkar alle som har kjøpt lodd og dermed støtta arbeidet vårt. Du finn liste over gevinstane og dei heldige vinnarane i denne artikkelen! Fylkeslaget ynskjer også ei riktig god jul og eit godt nytt år.

POPULÆRT JULEKURS

30.september – 2.oktober var det ”jul i alle krokar” på Førde Pensjonat. Bjørg Lundeby og Kari Filberg var på besøk med sitt populære julekurs.

Grasrotandelen

Nyttar du Norsk Tipping?

Husflid Norge rundt:

Sogn og Fjordane

Aud vil gjere verda finare

Aud Julie Befring hadde tenkt å redde verda, men ombestemte seg og nøyer seg med å gjere verda finare. 25-åringen frå Stardalen i Jølster vann design- og produktkonkurransen til Norges Husflidslag og Statoil med den ambisiøse tittelen «Morgondagens heltar lagar morgondagens kulturarv».

» Les oppslaget i Firda her

Husflid i lange baner

Den tradisjonsrike store utstillinga til Florø Husflidslag i gang med 47 utstillarar frå fjern og nær.

Les meir i Firdaposten 12.11.2011 >

Lappeteppe til krisesenteret

Tre fargerike lappeteppe blei onsdag overrekt Wenche Hovland og krisesenteret av Oddveig Brendø og Kari Witzøe frå husflidslaget. Det nye krisesenteret er endå ikkje ferdig innreia, og ein runde rundt inne i huset viser framleis mest nymåla veggar med lite utsmykning.

Les meir i Firdaposten 22.06.2011 >

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS