POPULÆRT JULEKURS

POPULÆRT JULEKURS

30.september – 2.oktober var det ”jul i alle krokar” på Førde Pensjonat. Bjørg Lundeby og Kari Filberg var på besøk med sitt populære julekurs.

Dette hadde me venta på så lenge og endeleg var me i gong.

Dei lærde oss om juletradisjonar og symbol, og Bjørg gleda oss med eventyr om laurdagskvelden.

Strikkepinnane gjekk varme i arbeid med englar og nissar. Bjørkekransar og halmenglar vart trylla fram og toving gjekk med liv og lyst.

21 damer storkosa seg heile helga med dei to engasjerte, dyktige og flotte kursleiarane. Takk til dei!

Det var god stemning og ei helg som verkeleg lada batteria til damer som er travle i kvardagen. Me reiste heim med gode planar om at no skulle julepakkane få ekstra pynt med englar eller nissar. Og dei som jobbar med ung husflid snakka om å lage filtenglar med borna. Førde Pensjonat var ein flott stad for oss å vere. Det var som om me var i vårt eige hus. Eit flott vertskap som let oss ”rote ” så mykje me ville og som stilte med god mat og godt humør.

Ei inspirerande og god helg, slike helgar skulle me hatt fleire av.

Dagrun Johanne

Fotoglimt frå kurset:

           
4
 
5
 
6
 

Inger Hove - Årdal

 

Rita Borgundvåg - Kjerringa

 

Marit Elvekrok - SFH / Luster

 
           
2
 

Det ble produsert mange glade nisser på kurset

- og det var mykje latter å høyre....

9 B
 
8
 

Kari Filberg - Kurslærar

     

Dagrun Hesjevoll - SFH leiar

 
           
1
 
3
 
7

Lyse og trivelege rom i pensjonatet

 

Bjørg og Kari får gåve av leiaren

 

Her blir oppskrifta diskutert!

   

- - Tusen takk for lærerikt kurs!

   
eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS