Bunadopplæringa
Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Bunad- og folkedraktrådet, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av ni modular. Til saman vil dette gje deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadsaum.
Kursrekkja
Kursrekkja er ope for alle som ynskjer å lære meir om bunadsaum, enten som grunnlag for hobby eller for næring. Det er mogleg å ta heile kursrekkja eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje som i utgangspunktet bør følgjast. Det vil vera mogleg å ikkje følgje den anbefalte rekkjefølgjen, men du bør merkje deg at dess lenger ut i modulrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kurset krevja.
Modulane i Bunadopplæringa fordeler seg over tid, og du vil bruke tre år dersom du vil gjennomføre alle modulane på normert tid.
Kompetanse
Bunadsaum byggjer på tradisjonelle handverksteknikkar, og er gamal kunnskap i Norge. Likevel var det fyrst i 1997 at bunadtilverkarfaget vart eit eige fag under lov om fagopplæring.
Vidaregåande opplæring er for tida i endring, og det blir nå arbeidd med ny læreplan i bunadtilverkarfaget etter kompetanseplattformen. I skrivande stund er det derfor uklart korleis læreplanen i bunadtilverkarfaget vil sjå ut etter kompetanseplattformen. Vi har bygd opp denne kursrekkja rundt kompetansemåla som er foreslått i det nye læreplanutkastet. Kursrekkja vil kunne endrast undervegs dersom det blir endringer i læreplanen.
Informasjon og påmelding
Det er fire samarbeidspartnarar i dette utdanningsløpet. Dette betyr at det varierer mellom modulane kven som er ansvarleg for gjennomføring.
NB! Påmelding skjer til Studieforbundet kultur og tradisjon