Momskompensasjonen 2011
For søknadsåret 2011 er det eit krav at alle ledd som det blir søkt om meirverdiavgiftskompensasjon for, er registrert i Frivillighetsregisteret.
Tida for å søke mva-kompensasjon nærmar seg. Siste detaljene for ordninga blir klare frå Lotteri- og stiftelsestilsynet i mai. Først då kan vi gå ut med søknadsskjema til lokal- og fylkeslag. Det meste er likevel klart:
- For søknadsåret 2011 er det eit krav at alle ledd som det blir søkt om meirverdiavgiftskompensasjon for, er registrert i Frivillighetsregisteret. Det er altså ikkje nok at laget har et organisasjonsnummer i enhetsregisteret.
- I år blir det IKKJE automatisk revisjonsplikt for fylkeslaga. Det vil i staden bli ei beløpsgrense før kravet om revisjon slår inn. (Den vil gjelde både for lokal- og fylkesleddet). Kor stort beløp blir klart i mai.
-
Når alle kriterier er klare i mai, vil vi sende ut skjema som alle som vil søke kompensasjon må fylle ut. På skjemaet må det m.a. fyllast inn:
- Lagsnamn
- Organisasjonsnummer
- Brutto driftskostnader
- Revisjonskontroll dersom driftkostnadene/søknadsgrunnlaget går ut over beløpsgrensa(som altså blir klar i mai) NB: Registrert eller statsautorisert revisor. (ISRS 4400 Avtalte kontrollhandlinger. Skjema leitar revisor opp på www.lottstift.no - Søknadsfristen til Norges Husflidslag vil bli 10. juli.
Så derfor, sørg for at laget blir registrert i Frivillighetsregisteret. Er ikkje dette klart når laget søkjer, så kan vi ikkje ta med søknaden frå laget med i den fellessøknaden Norges Husflidslag sender til Lotteri- og stiftelsestilsynet i slutten av juli.
Info om ordninga finn du på www.lottstift.no
Du kan også kontakte Sverre Valdal på 91 68 93 52