Barn står i kø for å lære gamle handverksteknikkar
På Lillehammer står barn i kø for å lære gamle handverksteknikkar som spinning i ull, strikking, hekling og fingring, spikking i rått trevirke og baking i vedfyrt ovn.
Norges Husflidslag sitt tilbod på Maihaugen siste veka før skolestart er eit resultat av eit felles ynskje om å gi barn eit tilbod innafor husflid og handverk. Ved å føre handverksteknikkane vidare til yngre generasjonar vil denne kulturarven leve!
Vi gjentar suksessen for tredje år på rad! Neste veke får ungane boltre seg i skaparglede og gamle handverksteknikkar i fem fulle dagar på Maihaugen, seier Husflidskonsulenten i Oppland, Brita Rusten Åmot. Saman med dei andre erfarne fagpersoner Eirik Bruvik, Tonje Falk og Eivind Falk vil ho rettleie og lære ungane teknikkar som har gått i arv i generasjonar.
Det blir besøk hos sauane, turar i skogen og rundt på Maihaugen, både bygda, setergrenda og byen. Ungane får god tid til å lage mye fint i naturmaterialer. Ein dag blir ein Robin Hood dag med laging av pil og bue, fiske med sjøllaga fiskestang og bygging av gapahuk. Kvar dag skal alle ha ei dugurdskvile, då skal det bli mat å få. Ungane vil i slutten av veka lage ei lita utstilling, og til slutt får dei med seg alt dei har laga heim. Siste dagen blir det også baking i vedfyrt omn under kyndig rettleiing av Maihaugens sin eigen kokk. Dette opplegget vil gi ungane muligheit til å lære husflid og handverksteknikkar i direkte overføring frå vaksne, i eit historisk miljø med nærleik til naturen. Dette er overføring av handlingsbåren kunnskap i praksis. Tilbodet er for ungar i alderen 8- 13 år.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Maihaugen. Det er svært stor interesse for tiltaket. Alle plassane blei fylt opp med ein gong, og det står 46 på venteliste, så arrangørene kunne fylt opp ei veke til med ivrige, skaparglade barn !
For meir informasjon, kontakt:
| Husflidskonsulenten i Oppland, Brita Rusten Åmot | E-post: oppland@husflid.no | Tlf: 97 10 19 20 |
| Direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen | E-post: marit@husflid.no | Tlf: 91 58 07 81 |