Veien videre etter 2009
Velkomen til Tromsø 26. og 27. november! Du er invitert til det siste av dei nasjonale arrangementa i Kulturminneåret 2009. Her stiller vi spørsmålet: Kor går kulturminnevernet?
Vi vil vise innsats og resultat i Kulturminneåret 2009 og samstundes setje søkjelys på kva det er verdt å ta vare på, og korleis vi best kan gjere det.
Arrangementet skal vere på Universitetet i Tromsø og på utvalde stader i Tromsø sentrum. Eit ope debattmøte med støtte frå Fritt Ord blir på Studenthuset Driv i regi av Kulturminneåret 2009. Riksantikvarens freding av Rakettkiosken på torget i Tromsø inngår også som ein del av programmet.
Arrangementet startar torsdag kl. 11.30 og blir avrunda fredag kl. 13.30. Det blir lagt opp til at miljøvernministeren og kulturministeren skal delta i arrangementet.
Innspel
I førebuingane til dette seminaret ønskjer vi innspel frå kontaktpersonane våre i kommunar og fylke, og frå organisasjonar og andre aktørar på feltet. For det fyrste, tenk ut og send gjerne inn spørsmål de ønskjer skal opp i diskusjonen på seminaret. Innspel kan sendast til kulturminneaaret2009@kulturvern.no.
For det andre: Send inn fleire beskrivingar av arbeidskvardagen dykkar, til serien «Kulturminnevern her og no», delta på Facebook, og hald fram med å skrive i avisa!
Praktiske opplysningar:
Utfyllande program og informasjon om påmelding og hotell finn du på nettsidene våre: kulturminneaaret2009.no Direktelink til elektronisk påmelding her.
Deltakaravgifta er sett til kr 850,–, som inkluderer lunsj begge dagar og middag. Avgifta inkluderer seminarmateriell, lunsj og kaffepausar 26.-27. november samt middag torsdag 26. november.
Påmeldinga er bindande. Begrensa antall deltakarar. For avbestillingar etter 12. november vil det bli avkrevd fakturagebyr på kr 300,-.
Påmeldingsfrist: 1. november.
Venleg helsing Koordineringsgruppa for Kulturminneåret 2009 Rakettkiosken i Tromsø skal fredes fredag 27. november. Foto: Riksantikvaren.