Til alle tekstilinteresserte!
Drakt og samfunn 1 (30 stp) vert arrangert av Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) i samarbeid med Høgskolen i Oslo. Fristen for å søke vårens studium er 1. februar. Emnet er eit tilbod til dei som ønskjer drakt som ein del av ei kulturhistorisk utdanning, eller som ønskjer å fordjupa seg i draktarbeid.
Drakt og samfunn er eit særemne innan den kulturhistoriske og kulturteoretiske fagkrinsen. Emnet gjev basiskunnskap om lokale folkelege drakttradisjonar og bunader, sett inn i allmenne kulturhistoriske rammer.
Med faget tek ein sikte på å leggje grunnlag for draktkunnskap som eigen disiplin, og å gje kompetanse i arbeidet med drakt som ein del av den folkelege kulturarven i samfunnet.
Studiet blir tatt på deltid, med tre ukessamlingar, to på Fagernes i Valdres, og ei på Norsk folkemuseum i Oslo.
Les meir på Norsk institutt for bunad og folkedrakt sine sider, eller på Høgskolen i Oslo sine.
Venleg helsing frå
Camilla Rudrud
Formidlingsansvarleg
Norsk institutt for bunad og folkedrakt