Du er her: Husflid.no / Organisasjonsnyheter / Mva 2011

Momskompensasjonen 2011

For søknadsåret 2011 er det eit krav at alle ledd som det blir søkt om meirverdiavgiftskompensasjon for, er registrert i Frivillighetsregisteret.

Tida for å søke mva-kompensasjon nærmar seg. Siste detaljene for ordninga blir klare frå Lotteri- og stiftelsestilsynet i mai. Først då kan vi gå ut med søknadsskjema til lokal- og fylkeslag. Det meste er likevel klart:

  1. For søknadsåret 2011 er det eit krav at alle ledd som det blir søkt om meirverdiavgiftskompensasjon for, er registrert i Frivillighetsregisteret. Det er altså ikkje nok at laget har et organisasjonsnummer i enhetsregisteret.
  2. I år blir det IKKJE automatisk revisjonsplikt for fylkeslaga. Det vil i staden bli ei beløpsgrense før kravet om revisjon slår inn. (Den vil gjelde både for lokal- og fylkesleddet). Kor stort beløp blir klart i mai.
  3. Når alle kriterier er klare i mai, vil vi sende ut skjema som alle som vil søke kompensasjon må fylle ut. På skjemaet må det m.a. fyllast inn:
    - Lagsnamn
    - Organisasjonsnummer
    - Brutto driftskostnader
    - Revisjonskontroll dersom driftkostnadene/søknadsgrunnlaget går ut over beløpsgrensa(som altså blir klar i mai) NB: Registrert eller statsautorisert revisor. (ISRS 4400 Avtalte kontrollhandlinger. Skjema leitar revisor opp på www.lottstift.no
  4. Søknadsfristen til Norges Husflidslag vil bli 10. juli.

Så derfor, sørg for at laget blir registrert i Frivillighetsregisteret. Er ikkje dette klart når laget søkjer, så kan vi ikkje ta med søknaden frå laget med i den fellessøknaden Norges Husflidslag sender til Lotteri- og stiftelsestilsynet i slutten av juli.

Info om ordninga finn du på www.lottstift.no

Du kan også kontakte Sverre Valdal på 91 68 93 52