Husflidstevlinga 2016

I år fyller Dyrsku'n 150 år, og Norges Husflidslag samarbeider med Dyrsku'n om den tradisjonsrike Husflidstevlinga. Frist for påmelding til årets Husflidstevling på Dyrsku'n er måndag 22. august! 

Påmelding til Husflidstevlinga 2016 finn du her. 

Treng du rettleiing til påmeldinga? Sjå her.

Klassane
  • Rekruttklassene er for elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon. 
  • I klassane for formgjeving (i kategoriane tre, tekstil og sylv) og klassane for kunstsmiing og eksperimentell form (i kategorien smiing) må utøvaren ha vore med i prosessen frå ide til ferdig arbeid. Dette må dokumenterast gjennom skisser, foto, utprøvingar m.m.
  • I klassene for handverk (i kategoriane tre, tekstil og sylv) er det ikkje sett krav til at utøvaren skal ha komponert mønsteret/malen til arbeidet sjølv. 
  • I klassa eggverktøy/verktøy (i kategorien smiing) skal det sendast inn eit blad til knekking. 
Teknikk

Forklar kva for teknikk/teknikkar arbeidet er laga i. Døme: broderi, vev, dreiing, smiing, m.m

Opplysningar om arbeidet 

Skriv inn utfyllande opplysningar om arbeidet som kan vera til hjelp for dommarane. Bruk baksida av skjemaet eller eige ark om naudsynt. I både handverks- og formgjevingsklassene oppgjev du kva mønster som er nytta for arbeidet.

Prisanslag på arbeidet 

Prisen for arbeidet er viktig for at vi skal få rett forsikringssum. 

Produksjonsår

Arbeidet må vera utført og ferdigstilt i løpet av åra 2014-2016.

Skal arbeidet hentast/sendast

Skriv om arbeidet vert henta eller om det skal sendast. Vi oppmodar deltakarane til å hente innsendte arbeid, men større arbeid må hentast. 

Tidspunkt for henting: 

  • Sundag 11.september kl.17.00 - 20.00
  • Mandag 12.september kl. 09.00 - 16.00
  • Tirsdag 13.september kl. 09.00 - 16.00

Arbeid som ikkje vert henta, vil bli sendt i posten.

Foto: Brosje av Marie Ridderhus som fikk Stimuleringsprisen på Husflidstevlinga 2015.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.