Husflidstevlinga 2016

Å være prisvinner i husflidstevlinga på Dyrsku’n er ekstra gøy under 150-årsjubileet, og vi er veldig imponert over alle de dyktige håndverkerne som har deltatt! Hvem som har vunnet kan du lese her. 

Tevlinga har som mål å øke rekrutteringa til husflid og håndverksfag, og ivareta nyskaping, bredde og mangfold i næringa. Husflidstevlinga har vært en del av Dyrsku’n siden 1963, og de siste årene har den blitt avholdt i samarbeid mellom Norges Husflidslag og Dyrsku’n.

De ulike fagdommerne har i år vurdert hele 197 produkter innsendt av 108 ulike deltakere, så jobben med å plukke ut de aller beste har ikke vært. Det er derfor ekstra gøy å kunne presentere årets vinnere med begrunnelse fra juryen:

 

Heidersprisen 2016 til Knut Buen

«Heidersprisen skal gå til ein eller fleire personar som over lengre tid har gjort ein innsats utover det vanlege innan husflidsfeltet på Dyrsku’n.»

Årets mottakar av Heidersprisen er Knut Buen for sitt arbeid innan rosemåling.

Knut Buen er ein allsidig folkekunstnar og tradisjonsbærar., som i si tid gjekk i lære hos rosemålar Knut. K. Hovden. Sidan slutten av 1960-talet har Knut Buen vore blant våre dyktigaste og mest kjende rosemålarar innan Telemarks-tradisjonen, og har særleg nytta seg av den «gamle» fargeprakta som kjenneteikna rosemålingen.

Han er i tillegg ein tydeleg og levande formidlar, som har evna å snakke fram og setje merksemd på handverk og handverkarar. Han er samtidig reflekterande og nytenkjande i sitt arbeid, og har vore flink til å skape merksemd og engasjement rundt rosemåling gjennom friske utspel, noko som har vore særskild viktig innad i rosemålingsmiljøet. 

Stimuleringsprisen 2016 til Bendik Nilsen Bergendal

Stimuleringsprisen skal gå til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid.

Stimuleringsprisen 2016 går til Bendik Nilsen Bergendal for arbeida han har levert inn i rekruttklassa i Smiing.

Dommarane seier: «Dette er ein handverkar med særs god innsikt i smedfaget. Han har levert utruleg vakre, presise, funksjonelle og stilreine arbeider med få og vakre, men funksjonelle, dekorelementer.»

Bendik Nilsen Bergendal  er 23 år og opprinneleg frå Gjeving i Tvedestrand kommune. Han er børse-makar med svennebrev i botnen, og har i tillegg gått både på smedlinja og på linja for Design og trearbeid ved Hjerleid Håndverksskole på Dovre. 

Nyskapingsprisen 2016 til Kristin Holte

Nyskapingsprisen vert dela ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter», og vert i 2016 dela ut til Kristin Holte for veggfrisa ho har levert inn i rekruttklassa i tekstil.

Arbeidet til Kristin Holte har gode røter i våre handverk- og husflids-tradisjonar, og syner nyskaping i høve til den gamle tradisjonen krit-kroting, som inspirasjonen er henta frå.

Kristin er opprinneleg frå Oslo , og var ferdig med sin Master i Tradi-sjonskunst Tekstil ved HSN, campus Rauland i vår. Ho er utdanna strikkehandverkar, og er i gang med å utvikle si fjerde strikkebok tufta på tradisjonsmateriale..

Dommarane seier: «Arbeidet er godt tilpassa vår eigen tid, og kan i høgste grad og nyttast som puter og andre tekstile gjenstandar.»

Norges Husflidslag sitt Diplom for godt handverk 2016

Diplomet vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg med eit særs godt handverk i tevlinga.

Norges Husflidslag sitt diplom for godthandverk vert i 2016 dela ut til:

  • Dina Harkmark Lie, for sko i lær
  • Alf Thorsen, for brukskniv
  • Helga Fahre Bergland, for brodert brureskorte

Alle prisene deles ut under Dyrsku'n på Sterke Nils-tunet lørdag 10. september klokken 17!

Foto: Produkt fra Bendik Nilsen Bergendal

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.