Produkt søker kunde

Her får du eit eineståande tilbod du ikkje kan gå glipp av! Norges Husflidslag arrangerer kurs for deg som har behov for større kompetanse innanfor marknadsorientering, produktutvikling og marknadsføring.

Kurset vil bli organisert med ein god kombinasjon av tematiske inspirasjonsføredrag som innleiing, og praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sin eigen praksis og problemstillingar.

Kurset vil gå over eit tidsrom på ca 3/4 år med 3 samlingar undervegs. Dette gir både tilstrekkeleg tid for at deltakarane skal kunne erfare utvikling gjennom kurset ved å bruke kunnskapen ein tileignar seg - og nødvendig "konsentrasjon" i kurset for å sikre fokus på temaene. Spørsmål som vil vere aktuelle i samlingane er blant anna: Kva er verdien og særpreget i det eg skapar? Kvifor er dette interessant for publikum? Kva kjenneteiknar produkta mine? Kva er den raude tråden i det eg skapar?

Kvar og korleis gjer eg det synleg og tilgjengeleg for publikum? Korleis presenterer eg det?

Kurset startar opp til hausten på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Dato: 27.oktober

2.samling: 16.februar 2016 og 3.samling 24.mai 2016

Set av tid til dette i kalendaren og meld deg på!

Foto øverst: Siri Berrefjord

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.