Rand og rose tekstilverkstad

Handveveri i Vest-Telemark med damask som spesialitet. Damaskvovne bunadstekstil, puter, lavendelputer, kort, bokmerke, jolepynt og anna. Eg lagar òg produkt i fillevev.

Vevnadene frå Rand og rose tekstilverkstad skal vere så tidlause, haldbare og funksjonelle at dei kan bli arvestykke. Dei skal vere berarar av minne og meining, men likevel vere laga for notid og framtid.

Besøk gjerne Facebook-sida mi for å sjå fleire bilete av produkta eg lagar, og for å sjå nyheiter. Av materialar brukar eg stort sett lin, norsk spælsau-ull og mohair. Fargebruken er rettleiande, og produkta kan leverast i fargar kunden vel sjølv. Ta kontakt på Messenger, e-post eller telefon dersom du lurar på noko om produkta, prisar eller kvar og korleis dei kan sjåst eller kjøpast. Eg har ikkje open verkstad og heller ikkje utsal/butikk der, men det er mogleg å gjere avtale om besøk i god tid på førehand. 

Kontaktperson: Gunn Evensen
Hjemmeside:
Telefon/mobil: 471 75 334
E-post: (Remove SPAMFILTER from the address)
Postadresse: Lårdalsvegen 498, 3891 Høydalsmo
Besøksadresse: Ta kontakt ved ynske om verkstadbesøk.
Produktområde:
Vev
Klær og tilbehør
Tekstil
Interiør
Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.