Husflidstevlinga 2015

Årets høgdepunkt for interesserte i moderne og tradisjonell husflid. Møt nær 150 av landets fremste handverkarar.

Dyrsku'n Arrangement AS og Norges Husflidslag vil med dette invitere deg til å sende inn arbeid til Husflidstevlinga 2015! Den årlege Husflidstevlinga på Dyrsku’n speglar dei rike husflids- og handverks-tradisjonane rundt om i landet. Tevlinga har som mål å ta vare på både tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald, i tillegg til å bidra til ei auka rekruttering til husflids- og handverksfaga. Tevlinga er open, og både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta.

Kven kan delta?

Nyskapingspris

Stimuleringspris

Dei som har handverket som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra. Nyskapingsprisen vert delt ut under mottoet «Nye skot fra gamle røter», med atterhald om at tevlinga får inn produkt som oppfyller krava til denne prisen. Prisen vert delt ut til ein handverkar som utmerkjer seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr 5000 samt eit diplom.

Særutstilling: Gamalt design i ny innpakning

Premiering

I år er temaet på særutstillinga tatovering. Her viser me fram spennande tatoveringskunst frå dyktige tatovørar. Galleri Dragedalen viser tatoveringskunst i hall B. Dei beste arbeida vert premiert og stilt ut i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n. Berre dei som har oppnådd fyrsteplass blir premiert.
Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.