Raulandsakademiet

Raulandsakademiet er det stedet i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk.

Velkommen til kurs i 2019

Opplysningar om kursa finn du her: Raulandsakademiet 

Raulandsakademiet er glade for å presentere ein kurskalender med over 60 tilbod. Nokre gamle og kjende kurs og nokre nye. 

I år finn du mange kurs som har med folkedrakter å gjera. Kva med å starte på arbeidet med å sy din eigen beltestakk? Liv Berit Kaasa er instruktør. Det er eit stort arbeid og du vil koma godt i gang med stakken. Så kan du gå vidare med å brodere skjorta, veve hårband med brikker og veve forkleband på grind.

Har du bunad eller stakk frå før? Legg merke til at du kan få hjelp til å sy om eller endre på bunaden i slutten av september. 

I oktober kan du starte med joleførebuingane. Brodere jolehjarta, lage jolepynt med trykkteknikkar og kalligrafi, lage jolepynt i tre eller lage tradisjonell jolemat.

Elles er det mange kurs som er gjengangarar på Raulandsakademiet. Vi nemner lafting, snikkarkurs, gyllenler, møbeltapetsering, landskapsmaling, akvarell, skinnfellkurs,  tægerbinding, skrivekurs, knivkurs, dekorative maleteknikkar, plantefarging, spinning, sliping av verktøy og kalligrafi.

Raulandsakademiet held til på Rauland i Telemark. Kursa er i samarbeid med Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Hugs at alle som er medlem i Norges Husflidslag får rabatt på kursavgifta.

Dersom du ikkje har høve til å bruke nettet kan du ringe eller skrive til Raulandsakademiet. Du får  utførleg informasjon, om kurset du er interessert i, tilsendt i posten.

Tlf. 35073292. Adresse: Akademiet 2, 3864 Rauland

Velkommen til Rauland og Raulandsakademiet. Beste helsing Ann Mari Jore

Her kan du bla i kurskatalogen

Her finn du detaljerte opplysningar om alle kursa

Her finn du nyttige opplysningar om kursa 

Eg håper du finn eit kurs som høver for deg.

Velkommen til Rauland og Raulandsakademiet. Beste helsing Ann Mari Jore

Hjemmeside: www.raulandsakademiet.no

E-post: post@raulandsakademiet.no 

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.