Aktørane

Foto: Anne Guri Gunnerød

Institutt for bunad og folkedrakt er ein statleg rådgjevande institusjon under Kultur- og kyrkjedepartementet. Rådet har som oppgåve å gje råd og stimulere til auka forståing for tradisjonell draktskikk som grunnlag for dagens bunad.

Les meir på www.bunadogfolkedrakt.no 

Noregs Ungdomslag er ein frivillig kulturorganisasjon som har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. bunadrådet i Noregs Ungdomslag er eit rådgjevande organ i bunadarbeid.

Les meir på www.ungdomslag.no

Norges Husflidslag har som hovudoppgåve å styrke den levande husflidstradisjonen i Norge, og er den største kursaktøren i landet innan feltet husflid. Organisasjonen har eit eige fagutval i bunad og folkedrakt.

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund som arbeider mot visjonen at det skal vera mogleg for alle som bur i Norge å bli kjende med og lære folkelege kulturuttrykk i skapande og trygge fellesskap.

Les meir på www.kulturogtradisjon.no

Informasjon og påmelding

Henvend deg til Studieforbundet kultur og tradisjon om du har spørsmål, ynskjer informasjon eller ynskjer å melde deg på.

Heimeside: 
www.kulturogtradisjon.no
Her finn du mellom anna modulplan, moduloversikt og studieplanar.

E-post: 
linda@kulturogtradisjon.no

Telefon: 61 21 77 53

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.