Bunadopplæringa

Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av ni modular. Til saman vil dette gje deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadsaum.

Foto: Anne Marte Før. Utsnitt fra Aksel Waldemar-bunad.

På http://www.kulturogtradisjon.no/opplaeringstilbud/bunadopplaringa
finn du informasjon om mellom anna:

  • Påmelding
  • Moduloversikt
  • Studieplanar

Kursrekkja

Kursrekkja er ope for alle som ynskjer å lære meir om bunadsaum, enten som grunnlag for hobby eller for næring. Det er mogleg å ta heile kursrekkja eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje som i utgangspunktet bør følgjast. Det må påreknas heimearbeid mellom modulane.  

Modulane i Bunadopplæringa fordeler seg over tid, og du vil bruke tre år dersom du vil gjennomføre alle modulane på normert tid.

Kompetanse

Bunadopplæringa byggjer på lærarplanverket som gjeld for handverk og design i den vidaregåande skule. Denne kursrekkja vil inngå som eit grunnlag for å gå opp som privatist i handvevarfaget, og kan vera ein del av eit løp til svennebrevet. Kursrekkja vil vera ope for alle som ynskjer å lære meir, og det er inga opptakskrav for å delta på kursrekkja.

Ved å fullføre heile kursrekkja vil du få teoretisk og praktisk innføring i alle kompetansemåla i lærarplanen for handvevarfaget vg 3. Dersom du ønskjer å gå opp til svenneprøve i handvevarfaget, finst det særskilte reglar for å gå opp som praksiskandidat. Du må sjølv ta kontakt med fagopplæringskontoret i fylket ditt dersom du er interessert i dette, og kvar person får individuell vurdering.

Informasjon og påmelding

Det er fire samarbeidspartnarar i dette utdanningsløpet. Dette betyr at det varierer mellom modulane kven som er ansvarleg for gjennomføring.

NB! Påmelding skjer til Studieforbundet kultur og tradisjon

Informasjon og påmelding

Henvend deg til Studieforbundet kultur og tradisjon om du har spørsmål, ynskjer informasjon eller ynskjer å melde deg på.

Heimeside: 
www.kulturogtradisjon.no
Her finn du mellom anna modulplan, moduloversikt og studieplanar.

E-post: 
linda@kulturogtradisjon.no

Telefon: 61 21 77 53

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.