Vegen til svennebrev

Læreplan i bunadtilverkarfaget og handvevarfaget vart vedteken i 1997. Bunadopplæringa og vevopplæringa er bygd opp ikring desse læreplanene. 

Både bunadtilverkare og handvevare har ei viktig rolle i ivaretaking og formidling av tekstilhandverkstradisjonen, kultur og identitet. Fullstendig informasjon om ordninga finn du på heimesidene til Studieforbundet kultur og tradisjon.

Svenneprøve

Kursrekkja kan inngå som ein del av grunnlaget for å gå opp til svenneprøve. Kursdeltakarane som følgjer kursrekkja må i så fall melde seg opp som praksiskandidat/privatist i bunadtilverkarfaget. Det er fylkeskommunen som har ansvar for fagopplæringa i fylket. Dersom du ynskjer å melde deg opp som praksiskandidat må du derfor ta kontakt med fylkeskommunen.

Praksiskandidat

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lenger praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget, vanlegvis fem år. Praksisen må vera allsidig og dokumentert, og må vera i samsvar med krava i gjeldande læreplan i faget for opplæring i bedrift. Vurderinga må vera ei individuell vurdering av den enkelte sin bakgrunn, med tidskrav til praksis og allsidigheit og breidde i faget, ut frå læreplanen sine mål. Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte dette praksiskravet.

Etter ei samla vurdering må praksisen dekkje dei mest sentrale delane av innhaldet i læreplanane for Vg2, Vg3/bedrift eller opplæring i bedrift i særløpsfag. Praksistida må godkjennast av fagopplæringskontoret før den praktiske delen av fag- eller svenneprøva kan avleggjast.

Som praksiskandidat er du friteken frå kravet om bestått i fellesfag for å kunne framstille deg til fag- eller svenneprøve. Dersom du ikkje tidlegare har bestått nødvendig teoriprøve for lærefaget eller har fått godkjent realkompetanse i teoridelen, må du gå opp til ei teoretisk prøve. Det blir ofte arrangert spesiell teoriopplæring for praksiskandidatar. Når den teoretiske prøva er vurdert til bestått, kan du gå opp til den praktiske delen av fag- eller svenneprøva.

Du må sjølv betale prøveavgift til fylkeskommunen for å avleggje både teoretisk og praktisk prøve, og du er sjølv ansvarleg for å skaffe prøvestad og nødvendig utstyr til den praktiske delen. Kvar og når du skal melde deg opp til teoretisk prøve for praksiskandidatar varierer mellom fylka. For å finne ut dette, må du kontakte fagopplæringa i fylket ditt.

Vurdering av praksis

Dette er det som blir lagt til grunn når praksisen din blir vurdert:

  • Læreplanar for opplæring i bedrift
  • Attestar frå arbeidsgjevarar, med tid/praksislengde/stillingsstørrelse
  • Direkte kontakt med arbeidsgjevar
  • Type praksis i faget og beslekta fag
  • Kompetansebevis/vitnemål frå tidlegare skulegang

Vi legg vekt på at deltakarane dokumenterer den kunnskapen dei får på kursa gjennom ei dokumentasjonsmappe. Denne skal syne kva ein har arbeidd med på kursa. Det er deltakarane som sjølve er ansvarlege for dette.

Somme opplever det som vanskeleg å finne fram i utdanningssystemet. Dersom du har forsøkt framgangsmåten som er beskrivi ovanfor, utan å lykkast, så kan du ta kontakt med Studieforbundet kultur og tradisjon. Vi vil forsøke å hjelpe deg vidare på vegen mot å bli bunadtilverkar/handvevar.

Informasjon og påmelding

Henvend deg til Studieforbundet kultur og tradisjon om du har spørsmål, ynskjer informasjon eller ynskjer å melde deg på.

Heimeside: 
www.kulturogtradisjon.no
Her finn du mellom anna modulplan, moduloversikt og studieplanar.

E-post: 
linda@kulturogtradisjon.no

Telefon: 61 21 77 53

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.