Vevopplæringa

Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon, og er eit tilbod til dei som ynskjer å lære meir om faget, anten som grunnlag for hobby eller næring.

Dette vil til saman gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Vevopplæringa er eit tilbod til dei som ynskjer å lære meir om faget, anten som grunnlag for hobby eller næring.

På www.kulturogtradisjon.no/opplaeringstilbud/vevoppleringa finn du informasjon om mellom anna:

  • Påmelding
  • Moduloversikt
  • Studieplanar

Kursrekkja

Kursrekkja er ope for alle som ynskjer å lære meir om handvevarfaget, men det er ein fordel med grunnleggjande datakunnskap. Det er mogleg å ta heile kursrekkja eller berre enkeltmodular.

Modulane er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje som i utgangspunktet bør følgjast. Det vil vera mogleg å ikkje følgje den anbefalte rekkjefølgja, men dess lenger ut i modulrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevja.

Nytt kursrekkje med 7 modular startar opp våren 2018. Heile løpet vil fordele seg over ei tidsperiode på tre år, og det vil bli arrangert vekessamlingar med to samlingar i året

Modul 1      Moglegheiter i veven- Innføring og utforsking. 40 timar

Modul 2      Lerret- og lerretsvariantar. 40 timar

Modul 3      Kyper og kypervariantar. 40 timar

Modul 4      Sateng og dreiel. 40 timar

Modul 5      Tradisjonsvev. 40 timar

Modul 6      Dobbeltvev. 40 timar

Modul 7      Bindetrådsteknikkar/ dobbeltsidige bindingar. 40 timar

Kompetanse

Vevopplæringa byggjer på lærarplanverket som gjeld for handverk og design i den vidaregåande skule. Denne kursrekkja vil inngå som eit grunnlag for å gå opp som privatist i handvevarfaget, og kan vera ein del av eit løp til svennebrevet. Kursrekkja vil vera ope for alle som ynskjer å lære meir, og det er inga opptakskrav for å delta på kursrekkja.

Ved å fullføre heile kursrekkja vil du få teoretisk og praktisk innføring i alle kompetansemåla i lærarplanen for handvevarfaget vg 3. Dersom du ønskjer å gå opp til svenneprøve i handvevarfaget, finst det særskilte reglar for å gå opp som praksiskandidat. Du må sjølv ta kontakt med fagopplæringskontoret i fylket ditt dersom du er interessert i dette, og kvar person får individuell vurdering.

Gjennom kursa får ein ei innføring i:

  • historisk forankring med vekt på lokale tradisjonar
  • kunnskap om materiale og verktøy
  • praktisk og teoretisk innføring i teknikk
  • kvalitet, form, farge og funksjon
  • inspirasjon til nyskaping

Informasjon og påmelding

Henvend deg til Studieforbundet kultur og tradisjon om du har spørsmål, ynskjer informasjon eller ynskjer å melde deg på.

Heimeside: 
www.kulturogtradisjon.no
Her finn du mellom anna modulplan, moduloversikt og studieplanar.

E-post: 
linda@kulturogtradisjon.no

Telefon: 61 21 77 53

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.