Fire fylker samla på Hovden

Husflidslaga i Rogaland, Vest-Agder, Telemark og Aust-Agder har tradisjon med å samlast annakvart år. Det går på omgang mellom fylkeslaga på å arrangere og i 2017 var det Aust-Agder sin tur. Dei inviterte til eit spennande program på Hovden 13.-15.oktober. Overnattinga og matservering vart på Hovdehytta medan programmet gjekk føre seg på det romslege og flotte Grendehuset på Hovden, berre 3 minuttars spasertur unna.

Overnatting og matservering var på Hovdehytta, medan programmet gjekk føre seg på Hovden grendehus. Styreleiar i Norges Husflidslag, Berit Rønningen, opna helga og kunne fortelje nytt frå organisasjonen. Gjennomgåande tema for helga var ull som ein del av Ullialtprosjektet til Norges Husflidslag. Ane Kortner frå Hillesvåg var gjesteutstillar og hadde eit inspirerande foredrag om Hillesvåg og ull. Mange nytta høve til å kjøpe med seg garn frå norske sauer med heim. Deltakarane kunne melde seg på valfritt 8-timars kurs som var støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon:

  • Trearbeid – Johnny Vindfjell  
  • Vevstrikk – Marte Haugerud
  • Snorer og bånd – Kathrine Bringsdal
  • Grindvev – Berit Rasmussen
  • Løyesøm – Birgit Litveit
  • Slenge sokkeband – Karin Bøe
  • Gjenbruk: Søm, dongeri og skjorter– Mette Vigenes Keller

 Laurdagen var arrangementet ope for publikum i 3 timar med Husflidstorg: Det var demonstrasjon av handverk, kafe og sal av husflidsprodukt, husflidsbøker, garn mm. Utstillarar var husflidslag Husfliden Arendal og medlemmer i Norges Husflidslag eller Norske Husflidshandverkarar. For barn og unge var det tilbud om Ung Husflid-verkstad der dei kunne veve seg armband på kabylsk vev. Dette var populært og husflidskonsulenten og hjelparane hadde jamnt og trutt fullt rundt borda med born som ville veve.
 

Etter middag laurdag kveld var det strikke- og spikkekafe på Grendehuset og her fekk deltakarane strålande underhaldning av Else Gyro Rysstad. Før alle reiste kvar til sitt var det filmepremiere på film om raudlisteprosjektet til Aust-Agder Husflidslag og ei spennande foredrag av Karin Bøe om Åkletradisjonen i Setesdal.

Totalt sett med arrangørar, deltakarar og bidragsytarar var det samla nesten 80 stykk på Hovden denne helga. Tilbakemeldingane var at dette hadde vore ei inspirerande og minnerik helg. Neste samling blir i 2019 og då er det Telemark husflidslag som skal vere vertar.

           

 

Etter syv år i styret, fem av disse som leder av Aust-Agder Husflidslag, takker Bente Hove Lyding for seg og gir lederrollen videre til nyvalgte leder, Arne Gryting.  

Bygland husflidslag arrangerer ei helg fullspekka av handarbeid, kunnskap, inspirasjon, kreativitet, hyggelig samvær og klirrande strikkepinner og nåler.

For informasjon om kursa: www.lusogloye.com

Det inviteres til årsmøte på Møglestu gård, Lillesand den 9. mars. 

Kalender

Nyheter fra lokallagene

 Arendal og omegn husflidslag starter opp med møter høsten 2020, og programmet er klart, med forbehold om mulige endringer.

Vi følger gjeldende smittevernregler, og deltakere på møtene må registreres med navn og telefonnummer.

Vi har gode og romslige lokaler, og ønsker velkommen til møter og kurs. Ta med egen kopp!

Første møte er torsdag 13.august kl.18:00 på Olsens handelsgartneri, Østre Tromøyvei 348, Kongshavn, Tromøy. Påmelding tlf.482 93234 ved Inga Trine Bøgh. Kaffe, kake, lotteri. Ta med kopp!

Vi håper alle har hatt en fin påske.  Dessverre må vi avlyse april-møtet, men håper å kunne ta igjen temaet med tid og stunder.

Er du glad i å brodere?

Arendal og omegn husflidslag starter opp en broderigruppe høsten 2019.

Hva skjer i lokallagene

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.