Laget omfattar tre av kommunane rundt Folgefonna: Ullensvang herad, Jondal, og Odda - nye Ullensvang kommune. Dei fleste i laget kjem frå Ullensvang herad, men me ser gjerne fleire medlem frå dei andre kommunane og andre plassar og!

Laget vart skipa 2. april 2003.

Me har kring 70 medlemmer. Cirka en tredjedel er barne- og ungdomsmedlemmer. Eit lagsmedlem, Agnete Sivertsen, sit i styret i Norges husflidslag.

Dei fleste møta er i lokala våre på Utne, omtale som "Bua". Det ligg nokre dører til venstre for butikken i Utne sentrum. Me har medlemsmøte ca. 1 gong i månaden frå februar til juni, og frå september til desember, og i tillegg arrangerar me Ung Husflid, strikkekafé både i eige lokale og andre plassar, kurs og andre aktivitetar.

Me har to rødlisteprosjekt: sjonaleistar og skautfelling. Me samarbeidar med Hardanger folkemuseum og Kristi Nilsen om det fyrstnemnde, og med museet og Bu og Ringøy bygdekvinnelag om skautfellinga.

Saman med Hardanger folkemuseum held me kurs i bringklutrelevante teknikkar.

Me arrangerar kvart år påske- og juleverkstad på Hauso skule, og handverksmesse - Haustmarknad, på Utne hotel.

Me deltek på lokale arrangement og tilstelningar, f.eks. 4H, kulturminnedagar og anna - om du ynskjer at husflidslaget skal halde ein aktivitet (born eller vaksne) - ta kontakt!

Kalender

26 nov 2019, Hauso skule

30 nov 2019 12:00, Utne, husflidsbua

10 des 2019 19:00, Hauso skule

Nyheter

Dato for haustmarknad er klar!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.