På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre.
Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Museet og husflidlaget sett opp to helgekurs i å laga holmabringklut og hjartebringklut no i haust, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 12. og sundag 13. oktober. Det andre kurset vert laurdag 2. og sundag 3. november.
Påmelding til post@hvm.museum.no /474 79 884 innan 1. oktober og 22. oktober. Meir info: https://hardangerfolkemuseum.no/program/helgekurs-holmabringklut-og-hjartebringklut/

2. nov 2019 - 3. nov 2019

Hardanger folkemuseum

Meld på med epost Åpner et nytt vindu med din epostklient med ny epost til post@hvm.museum.no
Påmeldte

Kalender

28 okt 2019 18:00, Utne, husflidsbua

2 nov 2019 11:00, Utne hotel

12 nov 2019 19:00, Utne, husflidsbua

Nyheter

Dato for haustmarknad er klar!

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.