Kalender

Nyheter

Hausten er gjerne ei tid på året som høver fint til å delta på kurs.

Kanskje fordi du ynskjer læra noko nytt, eller du ynskjer stifta bekjentskap med andre som har same interesser som deg!

Det er også mykje både læring og hygge i å utøva ein aktivitet saman med andre. 

Nye Øygarden kommune – Strikkekonkurranse

Identitet  - Stolthet - Tilhøyrighet

Sotra husflidslag og ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden inviterer til strikkekonkurranse.

Ordførarane ynskjer at den nye storkommunen -  Øygarden kommune - skal få sin eigen og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest.

Kommunane her vest har mykje til felles allereie før me vert ein samanslått kommune.  Alt frå felles tradisjonar og tidlegare kystkulturhistorie til nyare tider med olje, innovasjon,  havbruk og fiske.

Ein ny strikkejakke eller genser kan symbolisera kulturarven vår - ny og gamal - og ta oss med inn i framtida.

Velkommen til nokre fine timar i hagen på Gjerdet torsdagkvelden 12. april kl. 18.00 - 21.00

Det er endeleg meldt fint vær med sol og over 10 varmegrader. Me brukar litt tid denne kvelden på å rydda kvistar og anna i hagen etter vinteren og forberedar for vårens anmarsj. Det er også planlagt at me jobbar med frøplanting. 

Ta gjerne med deg både hagereiskapar og noko å planta frø i som du kan ta med deg heim etterpå. 

Husflidslaget kjøpar inn frø til planting. 

Det vert sjølvsagt både kaffi, te og noko lite å bita i som vanleg på ein husflidskveld.

kaffi/te kr. 20,- 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.