Har du lenge hatt lyst å strikka blondestrikk som du har sett i mange freistande oppskrifter? Men synes det ser litt skummelt ut med rare forkortelsar og mystiske kodar i oppskrifta? 

Kodeknekking: No har du anledning å knekka blondestrikk-koden på eit lite kurs arrangert av Strikkegruppa i Sotra husflidslag. 

Med Marit Pettersen si kyndige og tolmodige hjelp kan du også få dette til. 

Kurset går over to måndagskveldar - 13. januar og 10. februar kl. 18.00 - 21.00 på Straume Bu og Servicesenter. 

Kurspris: kr. 400,-/medlemmer i husflidslag og kr. 500,- for andre. 

Dersom du kan tenka deg å fortsetta i strikkegruppa etter kurset betaler du kr. 50,- pr gong dersom du ikkje er medlem. Gratis for medlemmer. 

Påmelding: Bruk knappen "Meld på" nederst her for påmelding dersom du ynskjer å delta. 

Kursavgift skal vera betalt før kursstart. Faktura vert tilsendt. 

Materialer til kurset: Ta med deg eit eller fleire nøster i ull eller bomull. Garnet skal høve til pinne nr 2,5 eller 3 mm. 

Ta også med rundpinne (ev. langpinner) nr. 2,5 eller 3 mm

Me startar med ein prøvelapp som vist på biletet øverst her. 

foto: Marit Pettersen 

Velkomen skal du vere! 

13. jan 2020 - 10. feb 2020

Straume Bu og Servicesenter

Kr. 400,- / medlemspris og kr. 500,- / andre

Innføring i korssting og perlebroderi.

Desse broderstinga kan du bruka når du broderer belter eller brystduk for bunad.

Materialer kan du kjøpa på kurset.

Maks antall deltakar er 6.

Kurset vert halde februar 2020

Fredag 14. februar kl. 17.00 - 20.00

Laurdag 15. februar kl. 10.00 - 15.00

Pris for kurset er:

kr. 700,- + materialer (som kan kjøpast på kurset) for medlemmer i husflidslag

kr. 800,- + materialer for andre

Bindande påmelding innan 1. februar 2020

Kursinstruktør er Astrid Tellnes

Illustrasjonsbiletet er av belter brodert i korssting eller perlebroderi frå ein tidlegare studiering i broderi i Sotra husflidslag

Kurset vert støtta med bidrag frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon

14. feb 2020 - 15. feb 2020

Sotra husflidslag, Gjerdet kulturminnegard, Bankesteinsvegen, Fjell

700

Kalender

Nyheter

Blondestrikk med hullmønster

13. januar og 10. februar - 18.00-21.00

med Marit Pettersen

på Straume Bu og Servicesenter

———————————————-

3D-nålefilting av ansikter

Laurdag 25. januar - 10.00-16.00

med Terje Simmenes

Gjerdet kulturminnegard, Fjell

——————————————————-

Korssting og Perlebrodering for bunad 

14. februar og 15. februar - totalt 16 timar

med Astrid Tellnes

Gjerdet kulturminnegard 

———————————————

For alle kurs: Sjå kurskalendar for detaljar og påmelding

Hausten er gjerne ei tid på året som høver fint til å delta på kurs.

Kanskje fordi du ynskjer læra noko nytt, eller du ynskjer stifta bekjentskap med andre som har same interesser som deg!

Det er også mykje både læring og hygge i å utøva ein aktivitet saman med andre. 

Nye Øygarden kommune – Strikkekonkurranse

Identitet  - Stolthet - Tilhøyrighet

Sotra husflidslag og ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden inviterer til strikkekonkurranse.

Ordførarane ynskjer at den nye storkommunen -  Øygarden kommune - skal få sin eigen og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest.

Kommunane her vest har mykje til felles allereie før me vert ein samanslått kommune.  Alt frå felles tradisjonar og tidlegare kystkulturhistorie til nyare tider med olje, innovasjon,  havbruk og fiske.

Ein ny strikkejakke eller genser kan symbolisera kulturarven vår - ny og gamal - og ta oss med inn i framtida.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.