Tovegruppa med fordjupningskurs i nålefilting

Tovegruppa i Sotra husflidslag er så heldige å få tilbake Terje Simmenes til å halde kurs i 3D-forming av ansikt i nålefilteteknikk i ull. Terje har heldt fleire kurs i Sotra husflidslag tidlegare, og er ein populær kurshaldar. Terje arbeider til dagleg ved Hillesvåg Ullvarefabrikk. Sjå bileta og vert inspirert til 3D-filting. Foto og arbeid v/Terje Simmenes. 

Litt om Tovegruppa i Sotra husflidslag: Tovegruppa har oppstart igjen for våren 2020 mandag 6. januar. Dei held til på Fjell ungdomsskule, og møtes første mandag i mnd (følgjer forøvrig skuleruta) kl. 18.00 - 21.00 

Dersom du har lyst å vera med i gruppa for anten å tova eller å fortsetta med nålefilting etter kurset er du hjarteleg velkomen! Det er gratis for medlemmer å delta. Andre betalar kr. 50,- pr gong.

Stad og dato: Dette kurset vert halde på Gjerdet kulturminnegard laurdag 25. januar kl. 10.00 - 16.00

Kursprisen vert kr. 500,- for medlemmer i husflidslag og kr. 600,- for andre. 

Faktura vert tilsendt og skal vera innbetalt til husflidslaget før kursstart. 

Studieforbundet Kultur og Tradisjon støttar kurset. 

Velkomen på kurs og velkomen i Tovegruppa hjå Sotra husflidslag! 

Påmelding til 3D-kurset via den grøne knappen «meld på» nederst 

25. jan 2020 - 25. jan 2020

Sjølve 3D-nålefiltekurset vert på Gjerdet kulturminnegard, Fjell

Medlemspris kr. 500,- Andre kr. 600,-

Kalender

Nyheter

Nysgjerrig på kva Sotra husflidslag driv på med?

Blondestrikk med hullmønster

13. januar og 10. februar - 18.00-21.00

med Marit Pettersen

på Straume Bu og Servicesenter

———————————————-

3D-nålefilting av ansikter

Laurdag 25. januar - 10.00-16.00

med Terje Simmenes

Gjerdet kulturminnegard, Fjell

——————————————————-

Korssting og Perlebrodering for bunad 

14. februar og 15. februar - totalt 16 timar

med Astrid Tellnes

Gjerdet kulturminnegard 

———————————————

For alle kurs: Sjå kurskalendar for detaljar og påmelding

Hausten er gjerne ei tid på året som høver fint til å delta på kurs.

Kanskje fordi du ynskjer læra noko nytt, eller du ynskjer stifta bekjentskap med andre som har same interesser som deg!

Det er også mykje både læring og hygge i å utøva ein aktivitet saman med andre. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.