Strikke og designkonkurranse

Nye Øygarden kommune – Strikkekonkurranse

Identitet  - Stolthet - Tilhøyrighet

Sotra husflidslag og ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden inviterer til strikkekonkurranse.

Ordførarane ynskjer at den nye storkommunen -  Øygarden kommune - skal få sin eigen og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest.

Kommunane her vest har mykje til felles allereie før me vert ein samanslått kommune.  Alt frå felles tradisjonar og tidlegare kystkulturhistorie til nyare tider med olje, innovasjon,  havbruk og fiske.

Ein ny strikkejakke eller genser kan symbolisera kulturarven vår - ny og gamal - og ta oss med inn i framtida.

Juryen består av ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden, samt Noregs Husflidslag sin Husflidskonsulent i Hordaland, Hege Therese Nilsen og Inger Nelly Skoge som er frå Sotra og lærar i design og handverksfag ved Årstad vidaregåande skule.

Reglar for konkurransen:

1)       Strikkejakka eller gensaren skal vera mønsterstrikka anten einsfarga eller fleirfarga og inneha eit eller fleire element som vitnar om særpreget og identiteten til  den nye kommunen. Plagget skal  bera preg av både tradisjon og fornying.

2)       Alle som er busett eller har tilknyting til Hordaland fylke kan delta.

3)       Mønsteret må ikkje vera vanskeleg å strikka for vanlege strikkarar og gjerne maks 4-5 fargar dersom ein vel fleirfarga motiv.

4)       Plagget må vera strikka i ein valfri ullkvalitet frå Hillesvåg Ullvarefabrikk og med pinnestørrelse 2, 5 til 4,0.

5)       Alle bidrag vert anonymisert  og nummererte før overlevering til jury for deira arbeid.

6)       Plagget skal ved innlevering vera ferdig montert og vaska.

7)       Vinnaren vert premiert med kr. 10.000,-

8)       Dei 10 beste bidraga vert utvalde til å delta i ein vandreutstilling i kommunane, der den siste vert på julemessa til Sotra husflidslag den 17. november 2018. Der vert også vinnaren offentleggjort.

9)       Sotra husflidslag vil eige rettane til vinnarmønsteret og vil selje dette i lag med garnpakkar frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Namn på designar av mønster vert påført oppskrifta.

10)   Frist for innlevering: 1. oktober 2018 av ferdigstrikka, montert plagg samt ferdig skrevet mønster.

11)   Stad for innlevering: Resepsjonen på  Rådhuset i Fjell på 5353 Straume.

Alternativt kan bidraget sendast i post: Fjell kommune, Pb 184, 5342 Straume.

 

Kontaktinfo: Sotra Husflidslag v/Gunvor B. Moe, sotra.husflidslag@gmail.com – tlf. 920 80 056

Kalender

Nyheter

Veving er i vinden - har du lyst å læra å veva? Det er to ledige plassar igjen på kurset som går over to heile lørdagar, inkludert bruk av vevane nokre kveldar utan lærar i etterkant.

Les meir og meld deg på  i lenka under om du er interessert i å delta. Bilete av vevd golvmatte er ved kurslærar Grete Vetås

Blondestrikk med hullmønster

13. januar og 10. februar - 18.00-21.00

med Marit Pettersen

på Straume Bu og Servicesenter

———————————————-

3D-nålefilting av ansikter

Laurdag 25. januar - 10.00-16.00

med Terje Simmenes

Gjerdet kulturminnegard, Fjell

——————————————————-

Korssting og Perlebrodering for bunad 

14. februar og 15. februar - totalt 16 timar

med Astrid Tellnes

Gjerdet kulturminnegard 

———————————————

For alle kurs: Sjå kurskalendar for detaljar og påmelding

Hausten er gjerne ei tid på året som høver fint til å delta på kurs.

Kanskje fordi du ynskjer læra noko nytt, eller du ynskjer stifta bekjentskap med andre som har same interesser som deg!

Det er også mykje både læring og hygge i å utøva ein aktivitet saman med andre. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.