Stord Husflidslag vart starta i februar 1972. Den fyrste leiaren var Selma Lønning.
Me er eit aktivt lag med ca 150 medlemmar (pr. januar 2019) og held til på Litlabø, i det gamle administrasjonbygget til Litlabø gruver. Der har me vevstolar og ein del anna utstyr, saman med litteratur til bruk for medlemane.
Nokre av kursa våre vert arrangert i lagslokalet, t.d. bunadsaum. Laget har faste medlemsmøte siste torsdagen i månaden . Medlemsmøta er på Sunnhordland museum (museumshallen). Husflidslaget samarbeider med museet om arrangementa "Haust på museet" og "Jul på museet". Annankvar tysdag frå kl.18.00-21.00 er det tysdagstreff i lagslokalet i Gruo. Her er alle interesserte velkomne til å vera med. Ope for alle. Laget har mange ulike læringsverkstadar og det blir haust og vår arrangert ulike kurstilbod. Ung Husflid er eit tilbod til barn/ungdom som starta i 2018. For meir informasjon sjå under aktivitetar.
27 jan 2021 11:00, Sunnhordland museum
25 feb 2021 19:00, Sunnhordland museum
18.01.20: Det blir opna for aktivitetar for born Det betyr at UNG HUSFLID kan starta.
Påmelding innan torsdag 28.01.21 til Johanne.Langeland@sklbb.no eller 99041096.. Sjå meir under aktivitetar på heimesida.
Det blir ikkje felles aktivitetar for vaksne enno. Følgjer råda frå helsemyndigheitene.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.