Aktivitetar

Her får du eit enkelt oversyn over dei ulike aktivitetane i Stord Husflidslag
Me håper dette kan vera av interesse og at du ønskjer å bli med. Ta kontakt om du har spørsmål.     Velkommen!

Stord Husflidslag startar hausten 2019 opp med ein læringsverkstad i rammevev. 

Har du lyst til å vera med eller veta meir om dette, ta kontakt med Åsbjørg Lygre på tlf. 911 30 146

Ny-oppstarta læringsverkstad i keramikk, Keramikk 2, starta i januar 2020. Deltakarar på keramikkurset hausten 2019 ønskte å halda fram.

Læringsverkstaden held til på Sagvåg skule og møtest ein laurdag i månaden.  Deltakarane betaler leige for rom og omn.

(Den "gamle" læringsverkstaden i keramikk blir heretter kalla Keramikk 1.)

Kontaktperson: Nina Heie Jacobsen, ninaehj@gmail.com

mob.90180018

UNG HUSFLID-gruppa er for born/ungdom frå 4.-og oppover.  (Ungdom frå 14-26 år)

Målgruppa er dei som liker å laga ting sjølv i ulike material og teknikkar. Laget ønskjer med dette å inspirera born/unge til skaparglede , læra å beherska ulike teknikkar og utvikla kreativitet.  Det vil bli opplæring i grunnleggjande handverksteknikkar. Det kan jobbast med spikking i rått material, leire/keramikk, strikking, hekling, knyteteknikkar, broderi, og maskinsaum . Gjenbruk og redesign er interessanne tema.

Stad: Leirvik skule  (kunst-og handverks avdelinga)

Dag og tidspunkt:: Annankvar onsdag frå 17.30-19.30.  

Oppstart: Onsd.22.01.20, 05.02., 19.01., 04.03., 18.03., 01.04., 15.04.,

Kostnad: 

 

Påmelding til: johanne.langeland@sklbb.no

Johanne Gram Langeland (kontaktperson UH)

Telefon: 99041096

E-post: johanne.langeland@sklbb.no

Læringsverkstad i trearbeid (småarbeid) startar opp igjen tysdag 14. januar 2020, og vil halde fram kvar annan og fjerde tysdag i månaden. Deltakarane kjem saman, deler erfaringar, får rettleiing og lager ulike produkt i tre.

Hans Andersen er kontaktperson og motivator. 

Velkommen til tysdagstreffet! Eit sosialt møtepunkt for husflidsinteresserte.  Her kan du få læra ulike handverksteknikkar. Du kan også ta med eige arbeid og jobba med det . Kom gjerne med forslag til noko du ønskjer å læra av husflid-og handverksteknikkar.

  Marta Belsvik og Evelyn Brask Nordfonn er kontaktpersonar. Enkel servering av kaffe/te med noko godt attåt.

Ope annankvar tysdag frå kl 18.00 til 21.00 , også den veka det er medlemsmøte. 

Oppstart 2020:

Tysdag 21.01.  Tema: Tauverk v/Leif Nes  Praktisk arbeid. Laga enkle produkt

Tysdag: 04.02. Tema: Bregding av band v/Vigdis Vatne

Tysdag: 18.02.: Møtest på Stord folkebibliotek: Fikseglede v/kathrine Gregersen. Samarbeid mellom husflidslaget og biblioteket.

Tysdag: 03.03.: Tema: Framhald bregding av band v/Vigdis V.E.

Tysdag: 17.03.: Tema: Nålefilting

Tysdag: 31.03.: Inkludering: Besøk frå asylmottaket.  Dela med.

Tysdag: 14.04.: Tema: "UFO" v/Evelyn Brask Nordfonn         Bli ferdig med det uferdige. Mogelegheiter!

Tysdag: 28.04.: Tema:    "

Alle er velkomne innom til ei triveleg husflidsstund. Her er ingen krav til kvalifikasjonar eller medlemsskap.

Ein kjekke gjeng samlast omlag ein gong i månaden (tysdagar) i lagslokalet i Gruo på ettermiddagstid. Møtetidspunkta blir publisert i kalenderen og på facebooksida vår Stord Husflidslag - Brodering

Kanskje har du eit eller fleire prosjekt du gjerne skulle hatt ferdig? Hardangersaum, korsting, plattsaum? Ja her er det ingen begrensning for målet er å hjelpe og inspirera kvarandre.

Medlemmane bytter på å ta med seg ”enkel” kaffimat.

Fri entré og ope for alle. 

Stad: Gruva 7, 5415 Stord

Har du lyst  til å vera med eller vita meir om dette, ta kontakt med Bente på telefon 913 42 235 eller Jorunn på telefon 454 11 168  

Spinnetreffet er omlag ein gong i månaden (onsdagar) på Føyno. Me er ei lita gruppe og ynskjer oss gjerne fleire medlemmar.
Treffet er på ettermiddagen og blir publisert i kalenderen og på facebooksida vår: Stord Husflidslag - spinning.

Har du lyst  til å vera med eller vita meir om dette, ta kontakt med Reidun Karin på telefon 917 53 447  

Stad: Føyno 136, 5412 Stord

Ein flott gjeng samlast omlag ein gong i månaden på Føyno. Treffet er på føremiddagstid og blir publisert i kalenderen og på facebooksida vår: Stord Husflidslag.

Har du lyst  til å vera med eller vita meir om dette, ta kontakt med Reidun Karin på telefon 917 53447

Vevgruppa treffes kvar måndag kl 18:00 - 21:00 i lagslokalet på Litlabø. På grunn av begrensa plass og eit bestenḿt antall vevar har me begrensa med plassar.
For tida er me ca 10 aktive medlemmer og har per dags dato ingen ledige plassar. For å vera med er det krav om erfaring i vev. Har du ingen forkunnskap og ønskjer å bli "lærling", ta kontakt med gruppeleiar.

Pris: kr. 200 pr. halvår

Kontaktperson: Solfrid Ottesen (sol-otte@live.no)

Saman med Sunnhordland museum arrangerer me strikkekafè i museet sine lokaler (stort sett) annakvar veka frå klokka 11.00 -14.00.

Kaffe og litt attåt vert servert - til ein hyggeleg pris.

Alle er velkommen innom og her er ingen krav til medlemsskap.

Kontaktperson: Margunn Oma

 Læringsverkstad keramikk har samlingar på HVL annankvar fredag/laurdag (fredag kveld kl.18.00 og laurdag frå kl.10.00).

På grunn av avgrensa adgang til omn er det for tida ikkje ledige plassar i denne gruppa.  oppstart: Fredag 10.01.20

Leiar for gruppa er:

Johanne Langeland

Haust 2019 blei det arrangert nytt kurs i keramikk. Deltakarar på dette kurset ønskjer å starta ny læringsverkstad i keramikk. Er under planlegging.

Telefon: 99041096

E-post: johanne.langeland@sklbb.no

Kalender

14 april 2020 18:00

22 april 2020 17:30, Lagslokala (Gruva 7)

23 april 2020 17:30

Stord Husflidslag

Læringsverkstad i trearbeid

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.