Medlemsmøte 30.september

Minnar om medlemsmøte i Stord Husflidslag 30. september. Møtet startar kl. 19 i museumshallen på Sunnhordland museum. På møtet vil me ha ein idedugnad om korleis me skal feira neste års 50-års jubileum, og me håper mange har høve til å koma. Lett servering.

Vel møtt!

Styret

Kalender

20 okt 2021 19:00

26 okt 2021 17:30, Gruva 7, 5415 Litlabø

27 okt 2021 11:00, Sunnhordland museum

Medlemsmøtet 28. oktober blir denne gongen i butikklokala til vevnad.no på Heiane. Butikken sel ulike typar garn, oppskrifter, strikke- og vevutstyr, og tilbyr også ulike kurs. Me møtest kl. 19 i Ringveien 12 der Solveig Meyer Eide vil fortelje om forretningside og oppstart. Butikken ligg i 2.høgda til XL-Bygg, parkering på toppen av den bratte bakken på hjørnet av XL-Bygg.

Me har også ein del lagssaker å snakke om. Fikselaug og Grøn november, jul på museet og førebuing til jubileet er stikkorda her. Lett servering.

 

Vel møtt til medlemsmøte!

 

Styret

Spinnegruppa startar opp igjen med spinning på rokk og handtein, no i lagslokala på Litlabø, Gruo 7. Det blir to møter før jul, 20. oktober og 17. november frå kl. 18 - 21. Gamle og nye medlem er velkomne! Ta kontakt med Grethe Tyse, mob. 41692045 eller Evelyn B. Nordfonn, mob. 907 49 242 om det er noko du lurer på.

Knipling- og nuperellegruppa startar opp igjen etter ferien, og det blir to møter før jul, ondag 27.10 og onsdag 24.11. Møta blir i museumshallen på Sunnhordland museum frå kl. 11 - 14. Gamle og nye medlem er hjarteleg velkomne! Ta kontakt med Evelyn B. Nordfonn, mob. 907 49 242 om det er noko du lurer på.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.