Kalender

august

22 aug 2019 17:00 - 22 okt 2019 21:00, Reidun Nes, Føyno !36

Torsdag 22.aug. blir det oppstart for læringsverkstad SPINNING. Møtest hos Reidun, Føyno 136 kl.17.00.

Vel møtt!      Har du lyst å vera med, kan ta kontakt med Reidun eller  nokon i styret.

26 aug 2019 11:00 - 26 okt 2019 15:59, Reidun Nes, Føyno 136

Oppstart måndag 26.aug. hos Reidun på Føyno 136 frå kl.11.00 og utover.   Har du lyst å vera med, ta kontakt med Reidun Nes eller nokon i styret. Velkommen til "gamle" og "nye"!

oktober

22 okt 2019 17:30, Lagslokala (Gruva 7)
23 okt 2019 11:00 - 23 okt 2019 14:00, Sunnhordland museum
28 okt 2019 11:00 - 28 okt 2019 15:00, Føyno 136

Vel møtt til kniple/-og nupperelletreff måndag 28.okt. hos Reidun på Føyno 136.

29 okt 2019 18:00 - 29 okt 2019 21:00, Lagslokalet i Gruo 7

Denne kvelden kjem ei "skinndame" frå garveriet i Ølen på besøk.  Ho vil presentera småarbeid i skinn og visa enkle teknikkar som frammøtte får høve prøva ut dersom dei ønskjer det.

31 okt 2019 19:00 - 31 okt 2019 21:00, Sunnhordland museum

Håper mange kjem på medlemsmøtet denne kvelden. Laget får besøk av leiar i Noregs Nupperelleforeining som held føredrag om nuppereller: Frå tynn blonde til skomatte av hamp. 

Vel møtt!

31 okt 2019 19:00, Sunnhordland museum

Liv Øyen Strind frå Norsk Nuperelleforeining kjem for å fortelje om nupereller og vise fram ulike produkt.

Liv lærte nupereller av mora si som 12 åring, og har no slått nupereller i 53 år. I 2009 tok Liv initiativ til å etablere Norsk Nuperelleforeining.

Det vert lett servering og loddsal.

Vel møtt!

november

6 nov 2019 11:00 - 6 nov 2019 14:00, Sunnhordland museum
6 nov 2019 18:21 - 6 nov 2019 18:21

Møtest i lagslokalet onsdag 6.nov.kl.18.00.  Vel møtt!

Kalender

22 okt 2019 17:30, Lagslokala (Gruva 7)

23 okt 2019 11:00, Sunnhordland museum

28 okt 2019 11:00, Føyno 136

I 2018 hadde laget 137 medlemmar, fordelt på 112 kvinner, 5 menn og 20 barn/ ungdom. Ein auke på heile 33 frå i fjor, noko som satsinga på Ung Husflid i haust har bidrege sterkt til.

Fylgjande kurs med lærar er avvikla : -Fire bunadkurs. Kipebinding. Rammevev. Og helgekurs i Maskinsaum.

Det har vore organisert ulike  læringsverkstader 2018:

-       Keramikkgruppa har møtst annankvar fredag/ laurdag på HVL.

-       Det har vore strikkekafe på Museet annankvar onsdag føremiddag, open for alle.

-       Broderigruppa har møtst ein onsdag i månaden i lagslokalet i Gruo.

-       Kniple- og nuperellegruppa har hatt treff ein føremiddag i månaden på Føyno.

-       Det har vore Spinnetreff på Føyno ein onsdag i månaden.

-       Vevgruppa har vore samla kvar måndag i lagslokalet i Gruo.

-       I haust starta det opp læringsverkstad i trearbeid på HVL, som er open for alle.

-       24 januar starta det opp læringsverkstad i rammevev, etter kurset i haust.

medlemsmøta siste torsdag i månadenhar me i 2018vore på SunnhordlandMuseum. Her har me hatt ulike tema som:

-       Handtverk og tradisjon i moderne interiør.

-       Demo og laging av påskebukett.

-       Foredrag om mohairgeit-ull.

-       Trearbeid.

-       Foredrag om re-design og berekraft.

-       Idear til juledekorering.

Me hadde 7 medlemsmøte med totalt 181 deltakarar 2018.

165 medlemar og ikkje-medlemar har delteke på 21 tysdagstreff i lagslokalet. Der har ein hatt eit tema/ demonstrasjon av ein handverksteknikk på kvart møte, samt noko godt å «bita» i.

1 mai deltok me på Open dag i Gruo. Her hadde me kafe, utstillingar, og handtverk-aktivitetar for born.

26 mai hadde me den årlige medlemsturen. Den gjekk til Granberg Garveri i Ølensvåg, og vidare til Galleri Fønix  og Jan Terje Rafdal i Etne. Turen blei avslutta med besøk hos Etne Husflidslag. Det var 18 deltakarar på turen.

I juni hadde me eit formiddagstreff for seniorar i lagslokalet. I september hadde me eit treff for yngre medlemmar, også i lagslokalet. Her diskuterte me korleis ein skulle gå fram for å rekrutera yngre medlemar til laget.

Samarbeid med Sunnhordland Museum om Husflidsdagen/ museumsdagen 8 september. Temaet i år var « Haust på Museet». Laget sine medlemar sto for kafeen, og hadde ansvar for aktivitetane : Toving, eplekrans og eskebretting. Me hadde stand der me marknadsførte husflidslaget. 3 stykker frå Hordaland Husflidslag deltok med ulike aktivitetar.

Samarbeid med Sunnhordland Museum om «Jul på Museet» 1 desember. Ein fin tradisjon med mange besøkande. Laget bidrog med aktivitetane : -Englar og stjerner i papir. - Broderi og filthjerter. –Greinnissar og juletre. – Smiing. Ung Husflid hadde utstilling av haustens produksjon, og Husflidskonsulenten var her og demonstrerte kunststopping.

Av store hendingar i 2018 er satsinga på Ung Husflid. Det starta opp «arbeidsstove» på Leirvik skule 2. oktober. Denne fekk stor respons. 18 barn/ unge fekk plass, og det er lang venteliste. Frammøte er annakvar tysdag. Der tek ein for seg ulike material og handtverksteknikkar. Det er søkt om, og tildelt midlar frå ulike stiftingar, som Olav Thon, Sparebankstiftinga Kvinnherad, SR bank, Hordaland Husflidslag og Norges Husflidlag. Dette er brukt til innkjøp av 6 symaskiner og ei strikkemaskin så langt.

I haust deltok to representantar frå laget på Folkehelseforum i regi av Stord kommune.

Styret har hatt 8 Styremøte og handsama 83 saker.

Laget har deltatt på årsmøte i Hordaland Husflidslag på Stord, og på medarbeidarsamling i Bergen.

På heimesida og på facebook vert me oppdaterte på aktivitetar og kurs i laget.

Styret 2018

Johanne Gram Langeland, leiar

Bente Alfarnes Johansen, nestleiar

Jorunn Kathrine Utslottøy, studieleiar, nettansvarlig

Anne Hege Rogne, kasserar

Åsbjørg Lygre, styremedlem

Solfrid Ottesen, styremedlem

Bente Hjøllo Kristiansen, skrivar, og Ung Husflid-kontakt

Evy Dybvik Fosse, revisor

 

Stord 25.01.19

Bente Hjøllo Kristiansen.

8. november kl.17-19 skal Stord kommune arrangere folkehelseforum med tema Leva heile livet – kva har me og kva treng me av aktivitetar når me har passert 60. Forumet skal vere på nye Stord ungdomsskule. I forumet ønskjer me dialog mellom innbyggjarar, frivillige lag, kommunale tenester og folkevalde om korleis me saman kan leggje til rette slik at fleire seniorar og eldre deltek i trivselsfremjande aktivitetar. Me håper dykkar organisasjon finn dette interessant, og at de har høve til å delta i forumet. 

 

Med venleg helsing,
Tove Vikanes Agdestein
Folkehelsekoordinator, Fagavdeling NMK

Nytt tilbod i Stord Husflidslag:  Læringsverkstad  i trearbeid 

Husflidslaget vil starta eit tilbod i trearbeid der deltakarar møtest, deler erfaring, får rettleiing og  lager ulike produkt i tre.  

Oppstart: Slutten av oktober 2018

Stad: Høgskulen Vestlandet

Tilbodet er ope for alle.

Hans Andersen blir kontaktperson og motivator. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.