Voss Husflidslag vart skipa i 1904, så Voss var svært tidleg ute med å danna husflidslag.

Me vil gjerne fortsetja med det arbeidet som har blitt gjort alle desse åra med å halda på gode handverkstradisjonar. Men samstundes ynskjer laget å fornya seg.

AKTIVITETAR

Cirka ein gong i månaden held laget opne medlemsmøter med ymse tema. Då låner ein lokale hjå Vestnorske kulturakademi på nederste platå på Tvildemoen.

Ung Husflid

Januar 2015 skipa Voss Husflidslag  arbeidsstove for born frå 3.- 6. klassetrinn. Hausten 2019 starta me oppatt med arbeidstove med 7 deltakarar.

Vinteren 2020  er det 13 born som går på arbeidstove. Dei lærer ulike teknikkar. I tilegg har me hatt dreiekurs for ungdom hausten 19 og vinteren 20. Totalt har det vore 14 deltakarar på kursa.

KURS

Laget held kurs kvar haust og vår. Til dømes har det siste åra vore populært å sy kvitsaum Nytt hausten 2016 er korte kurs i perletreing og trearbeid i regi av Ung Flid  .  Kursa i knipling og trearbeid kom ikkje i gang, men unge jenter har tredd perler til eige bunadsbelte

 Les meir om kursa i venstremenyen.

Viss medlemmer i laget ynskjer gå på kurs sjølve for å utvikla seg innan ein handverksteknikk og laget kan dra nytte av dette, er det råd å søkja styret om midlar. Det ligg skrivne retningsliner for dette . Les meir under arkiv i venstremenyen.

VEVSTOVA

Også vevstova leiger lokale hjå Kulturakademiet. Ho er open alle kvardagar.

TREBUA

 Husflidslaget driv ein treverkstad. Dei held no til i snikkarverkstaden til Vestnorsk Kulturakademi.

Dette kan ein lesa meir om ved å klikka seg inn på venstremenyen frå framsida.

Kalender

Nyheter

I haust har mange av Voss husflidslag sine aktivitetar vore av avlyst eller utsett på grunn av situasjonen rundt covid-19, men nokre kurs har kome i gang.

Tid: Tirsdag 11. Februar 2020 kl. 18.00

Stad: Vestnorsk kulturakademi, Tvildemoen

Voss husflidslag sitt årsmøte for 2018 vert halde på Vestnorsk kulturakademi onsdag 13.01. 2018 kl 18.00.

Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, rekneskap, val. Godkjenning av nye vedtekter. (Endringane er merka med raudt) Sakspapira finn du under aktivitetsplanen her på heimesida. Det er også lagt ut på Husfliden LL. 

Vel møtt.  Helsing styret.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.