Aktivitetar hausten 2020

I haust har mange av Voss husflidslag sine aktivitetar vore av avlyst eller utsett på grunn av situasjonen rundt covid-19, men nokre kurs har kome i gang.

I september/oktober har me starta opp kurs i kvitsaum, perlesaum og jente- og damebunad. Tysdag 20. oktober, skal me saman med Husfliden Voss halda strikkekafé med Hillesvåg ullvarefabrikk på Vangen Café. Strikkekafeen er fullteikna, men me arbeider med å laga til ei ny strikkekafé med Hillesvåg ullvarefabrikk i februar eller mars i 2021. I tillegg vil me halda kurs i filering og forklebord. Dette kurset er òg fullteikna. Her òg jobbar me med å få til eit nytt kurs til neste år. No i oktober startar me kurs i Ung husflid, arbeidsstove for born i alderen 9-13 år. Dette kurset vil me òg halda våren 2021. Kurset i farging av garn ved Iren Dyngeland frå Flokeriet er flytta til februar/mars i 2021.

Kalender

Nyheter

I haust har mange av Voss husflidslag sine aktivitetar vore av avlyst eller utsett på grunn av situasjonen rundt covid-19, men nokre kurs har kome i gang.

Tid: Tirsdag 11. Februar 2020 kl. 18.00

Stad: Vestnorsk kulturakademi, Tvildemoen

Voss husflidslag sitt årsmøte for 2018 vert halde på Vestnorsk kulturakademi onsdag 13.01. 2018 kl 18.00.

Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, rekneskap, val. Godkjenning av nye vedtekter. (Endringane er merka med raudt) Sakspapira finn du under aktivitetsplanen her på heimesida. Det er også lagt ut på Husfliden LL. 

Vel møtt.  Helsing styret.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.