Motivasjonskurs for instruktører Ung Husflid

I helga 28. - 29. august var det 13 deltakarar frå dei lokale husflidslag i Hordaland  som møttest på Tysnes til kurs i spikking . 

       
       
           
           
           

Inspirerande kurslærarar tok oss gjennom grundig opplæring om materialer, tresortar, valg og vedlikehald av knivar, i tillegg til praktiske oppgåver, teknikker og gode tips.

Nyttig lærdom som no skal setjast ut i livet i dei respektive husflidslaga sine ung husflid- grupper. 

Deltakarane var samnde om at dette var både kjekt og nyttig, og ønskjer fleire tilsvarande kurs. Det gjev motivasjon og inspirasjon til arbeidet med ung husflid i lokallaga.

 Denne gongen var det Tysnes husflidslag i samarbeid med Hordaland husflidslag som arrangerte kurset.

 Alle lokallaga som var til stades meldte si interesse for å vera medarrangør ved neste korsveg, då dette håpar me blir ein tradisjon. 

Kurs i lokallagene

30. okt 2021 - 31. okt 2021

Kokstadveien 9

30. okt 2021 - 30. okt 2021

Irishuset ved Kilden senter

2. nov 2021 - 2. nov 2021

Bergendal gård

5. nov 2021 - 10. nov 2021

Dale grendehus, Radøy

6. nov 2021 - 6. nov 2021

Lagslokale i Gruo 7

I helga 28. - 29. august var det 13 deltakarar frå dei lokale husflidslag i Hordaland  som møttest på Tysnes til kurs i spikking . 

Fortsatt ledige plasser på instruktørkurset i Ung Husflid. 

Samarbeidsprosjekt mellom Tysnes Husflidslag og Fylkeslaget. 

Kom bli med  ! 

Velkommen til årsmøte 6.mars . 

Styret i Hordaland Husflidslag har tatt en beslutning om at årsmøtet for 2020 skal holdes digitalt lørdag 6. mars på Zoom.

Kalender

Nyheter fra lokallagene

Medlemsmøtet 28. oktober blir denne gongen i butikklokala til vevnad.no på Heiane. Butikken sel ulike typar garn, oppskrifter, strikke- og vevutstyr, og tilbyr også ulike kurs. Me møtest kl. 19 i Ringveien 12 der Solveig Meyer Eide vil fortelje om forretningside og oppstart. Butikken ligg i 2.høgda til XL-Bygg, parkering på toppen av den bratte bakken på hjørnet av XL-Bygg.

Me har også ein del lagssaker å snakke om. Fikselaug og Grøn november, jul på museet og førebuing til jubileet er stikkorda her. Lett servering.

 

Vel møtt til medlemsmøte!

 

Styret

Spinnegruppa startar opp igjen med spinning på rokk og handtein, no i lagslokala på Litlabø, Gruo 7. Det blir to møter før jul, 20. oktober og 17. november frå kl. 18 - 21. Gamle og nye medlem er velkomne! Ta kontakt med Grethe Tyse, mob. 41692045 eller Evelyn B. Nordfonn, mob. 907 49 242 om det er noko du lurer på.

Knipling- og nuperellegruppa startar opp igjen etter ferien, og det blir to møter før jul, ondag 27.10 og onsdag 24.11. Møta blir i museumshallen på Sunnhordland museum frå kl. 11 - 14. Gamle og nye medlem er hjarteleg velkomne! Ta kontakt med Evelyn B. Nordfonn, mob. 907 49 242 om det er noko du lurer på.

Hva skjer i lokallagene

28 okt 2021, Yrkesstova

28 okt 2021 18:00, Osterøy Husflidslags lokaler i Lonevåg

28 okt 2021 19:00

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.