Strikkekonkurranse

Hordaland Husflidslag, Sogn og Fjordande Husflidslag og Husfliden Bergen inviterer strikkeglade vestlendingar til å delta i strikkekonkurranse i samband med at den vestlandske husflidsrørsla skal feira 125-årsjubileum i 2020.

Ynskjet er å få fram ein jubileumsvott som kan fungera som eit symbol på husflidsrørsla i det nye fylket Vestland, altså ein Vestlandsvott.

 

Reglar for konkurransen

  1. Votten skal vera strikka i rein ull og utforminga må vera ny for dennekonkurransen. Lettforståeleg oppskrift må fylgja.
  2. Alle som er busette i eller har tilknyting til Vestland fylke, kan delta.
  3. Innsende produkt vert anonymiserte og nummererte før overlevering til juryen.
  4. Inntil tre produkt vert premierte med:
    kr. 5000,- for vinnaren
    kr. 3000,- for 2. premie
    kr. 1000,- for 3. premie
    Andre produkt somr merkjer seg ut, får heiderleg omtale
  5. Eit utval av innsende vottar skal utgjera ei vandreutstilling som startar i samband med årsmøta for begge laga i Bergen 28. mars. Utstillinga får første stopp i Husfliden i Bergen, og vandrar mellom interesserte husflidslag ut jubileumsåret.
  6. Dei to arrangørlaga vert eigarar av premierte vottar med oppskrifter, og har med dette einerett i høve til sal og marknadsføring.
  7. Frist for innlevering er 15. januar 2020.
  8. Ferdige vottar med oppskrift leverast/sendast til ein av desse:
    Hordaland Husflidslag, Bredsgården 2H, 5003 Bergen
    Sogn og Fjordane Husflidslag, Igeltjørn 29, 6968 Flekke
    Norsk Husflid Bergen, Vågsalmenning 3, 5014 Bergen
  9. Juryen er sett saman av dei to husflidskonsulentane, 1 styremedlem frå kvart av husflidslaga og ein representant for Husfliden i Bergen.

 

Kontaktinfo:

Hordaland Husflidslag: post@hordalandhusflidslag.no - tlf. 902 19 599

Sogn og Fjordane Husflidslag: sfjh@online.no - tlf. 977 04 140

Kurs i lokallagene

17. feb 2020 - 17. feb 2020

Gjerdet kulturminnegard, Bankesteinsvegen, 5357 Fjell

20. feb 2020 - 2. april 2020

Bergendal gård

21. feb 2020 - 22. feb 2020

Nordbygdo ungdomsskule

22. feb 2020 - 23. feb 2020

Husflidsloftet i Sjoddien, Lyngneset 2, Strusshamn

29. feb 2020 - 29. feb 2020

Husflidstova, Skuleplassvegen 3, 5437 Finnås

Hordaland Husflidslag, Sogn og Fjordande Husflidslag og Husfliden Bergen inviterer strikkeglade vestlendingar til å delta i strikkekonkurranse i samband med at den vestlandske husflidsrørsla skal feira 125-årsjubileum i 2020.

Kom bli med  ! 

Vi har forsatt flere snordreier  til kr 750  og slyngestokker (4 pk ) kr 350 til salg. 

Hoppetaugarn har vi ikke mer av.  

Kalender

Nyheter fra lokallagene

Bli med å lage eit meir aldersvennleg samfunn!

Tid: Tirsdag 11. Februar 2020 kl. 18.00

Stad: Vestnorsk kulturakademi, Tvildemoen

Hva skjer i lokallagene

17 feb 2020 12:00, Husflidstova i Våge

17 feb 2020 17:00, Husflidstova i Våge

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.